Ja til demokratisk innsyn!
På dagens møte i Utval for helse og oppvekst skal sak om fylkeskommunale observatørar styrene til private skular vedtakast.
For Raudt er openheit og innsyn ei av dei viktigste sakene, vi vil vete kva som skjer slik at innbyggjarane i fylket vårt kan få vete.
Raudt meiner det er eit demokratisk problem at vi har alt for lite innsikt i kva som skjer med dei private vidaregåande skulane. Skulane mottek offentlege pangar, men ligg ikkje under fylkeskommunen på same måte som dei offentlege vidaregåande skulane gjer. Vi har fleire gonger prøvd å få svar på elementære spørsmål om dei private skulane, spørsmål som vi anser som elementære.
Raudt ønskjer å ha politisk representasjon for å kunne ha innsyn og kunne ha ein viss oversikt over kva som skjer på privatskulefronten. På kommande møte i Utval for helse og opplæring (torsdag 14. januar) kjem vår representant Solbjørg Marjala til å foreslå å byte ut byråkratane med politisk valgte representantar i styra til dei private vidaregåande skulane i fylket.