Interpellasjon til Hordaland fylkesting 4. oktober 2017: Etter Sykkel-VM

Denne interpellasjonen blir lagt fram på fylkestingsmøtet onsdag 4. oktober ca kl 09.00

Sykkel-VM i Bergen er over. Det er på tide med ei grundig evaluering av arrangementet, både av alle positive og negative sider.

Her bør alle som har støtta arrangmentet, inkludert fylkeskommunen blir involvert.

Spørsmål 1: Korleis vil fylkesordføraren og administrasjonen involvere fylkespolitikarane og tilsette i ei slik evaluering?

Hordaland fylkeskommune har støtta arrangementet både økonomisk og med menneskelige ressursar.

Spørsmål 2: Kva er den totale støttenk økonomisk, personalmessig og på andre måtar frå fylkeskommunen til Sykkel-VM 2017?

Spørsmål 3: Kor mykje har andre offentlege instansar - Bergen kommune, (evt andre kommunar), staten og andre - gitt økonomisk og annan form for støtte til no?

Etter Sykkel-VM har det kome fram at det kan bli eit underskot etter arrangement og at det kan vere fare for at Norsk sykkelforbund kan gå konkurs.

Spørsmål 4: Kan det vere aktuelt for Hordaland fylkeskommune å gå inn med ytterlege midlar for å dekkje eit eventuelt underskot?

Under Sykkel-VM var delar av Bergen sentrum bilfri, og mange fleire har nytta sykkel som framkomstmiddel i Bergen sentrum. Bergen by har tidlegare hatt dårlege resultat i vurderingar som sykkelby i Norge og Norden, m.a. frå Syklistenes Landsforbund.

Spørsmål 5: Vil fylkesordføraren etter Sykkel-VM ta eit raskt politisk initiativ ovanfor fylkestinget, Bergen bystyre og det nye Stortinget for å få på plass ei storsatsing for å gjere Bergen til ein framtidsretta sykkelby heile året?

Terje Kollbotn, fyklestingsrepresentant Raudt Hordaland