Interpellasjon om rimelege straumprisar

I årets siste fylkestingsmøte fremmer Terje Kollbotn på vegne av Raudt Vestland ein interpellasjon om rimelege straumprisar.

Interpellasjon for rimelege straumprisar!

Raudt er glad for at Vestland fylkesting i slutten av september vedtok framlegget vårt om å «oppmode det nye Stortinget om å vedta naudsynte endringar for å få ein rimeleg kraftpris både til innbyggjarane og industrien».

Straumprisane har, etter at dette vedtaket vart gjort, eksplodert. Det er no enno større behov for naudsynte endringar. Det vi har sett så langt er berre nokre endringar i bustønad og mellombelse endringar i el-avgifta. Dette er sosialpolitiske tiltak som er av det gode og som det må komme meir av, men løyser ikkje det grunnleggjande energipolitiske problemet.

Kraftprisane har nådd eit nivå som vi vel aldri har sett maken til i vasskraftlandet Norge, der vi faktisk har eit nettoverskot på kraft.

Denne situasjonen er sjølvsagt verst for dei mange som frå før har blitt økonomisk vanskelegstilte. Men prisane har kome opp på eit slikt nivå at det er folk flest og hushald generelt som er skadelidande. Dette prisnivået vil, om det held fram, og bli eit trugsmål mot arbeidsplassane i privat sektor.

På litt lenger sikt, når langsiktige industrikraftavtalar går ut, kan vedvarande forhøgde kraftprisar, drive opp prisnivået for også den kraftforedlande industrien, noko som i verste fall kan bety kroken på døra.

Dei høge straumprisane vil og utgjere eit press mot kommunal og fylkeskommunal økonomi. Det vil bli mindre pengar att til dei tenestene og ytingane som skal leverast innbyggjarane og gjere det økonomisk vanskelegare å halde oppe ei god nok bemanning.

Raudt meiner at hovudproblemet er at norsk kraftutveksling med utlandet no har utarta seg til krafteksport av slike mengder at skadane er langt større enn fordelane. Vi eksporterer konkurransefordelen vår i byte med import av uakseptable høge straumprisar.

Raudt har utifrå dette noen spørsmål til fylkesordføraren:

1. I fylkestingsvedtaket vårt i september bad vi om naudsynte nasjonale endringar for å få ein rimeleg kraftpris. Kva svar har fylkeskommunen fått frå sentralstyresmakta – dvs. AP/SP-regjeringa og det nye Stortinget - på oversending av vedtaket?

2. Er det mogleg for fylkeskommunen å estimere kva ekstra straumutgifter fylkeskommunen har hatt i september – november samanlikna med dei tre månadane to føregåande år?

3. Ser fylkesordføraren det som ein fordel om Norge avgrensar krafteksporten og bruk av overføringskapasitet til eit nivå på linje med tidlegare års kraftutveksling? Og meiner fylkesordføraren at dette framleis vil vere mogleg med dagens norske tilknytning til EU sin energiunion ACER?

4. Er fylkesordføraren einig i at krafteksporten må tilpassast fyllingsgraden i kraftmagasina og ikkje kva som gir høgast kortsiktig profitt for kraftbransjen?

FRAMLEGG TIL VEDTAK:

Til regjering og Storting.

1. Vestland fylkesting viser til tidlegare vedtak 29.september i år om å oppmode den nye regjeringa og det nye Stortinget om å vedta naudsynte endringar for få ein rimeleg kraftpris til innbyggjarane og industrien. Dette har til no ikkje skjedd. Tverimot er straumprisane rekordhøge og prognosane tyder på at dette vil halde fram om det ikkje blir tatt store politiske grep. På kort sikt støttar fylkestinget målretta tiltak for at ingen skal måtte fryse,, m.a. auka bustøtte, som kompensasjon for dei stadig aukande kraftprisane. Også reduksjon eller fjerning av el-avgifta og meirverdiavgift på straum er aktuelle tiltak. Men dette er ikkje lenger tilstrekkeleg.

2. Vestland fylkesting meiner at det no er behov for å ta politisk kontroll over kraftbransjen. Vasskrafta er arvesølvet som skal tene folk flest og halde fram å vere eit konkurransefortrinn for industri og næringsliv.

3. Vestland fylkesting går inn for å sikre bærekraftig fyllingsgrad i våre vassmagasin og stans i krafteksport ved låg fyllingsgrad.

4. Vestland fylkesting går inn for at Norge går ut av ACER, EU sin energiunion, men held fram med kraftsamarbeid med våre naboland.

5. Vestland fylkesting går inn for å sikre langsiktige, rimelege kraftprisar for norsk industri og landbruk, samt at det blir etablert eit toprissystem for hushaldningane.

Interpellant og forslagstillar: Terje Kollbotn (Raudt)