Innfør happy hour på bussen!

Raudt kjempar for eit betre og billegare kollektivtilbod, både i byane og distrikta. I dette lesarberevet presenterer vi ei av våre løysingar: "happy hour". Det vil seie enkeltbillett som varar i tre timar.

Raudt Vestland vil styrka kollektivtilbudet i heile Vestland. Vi har kjempa mot bompengefinansiering av samferdsle og infrastruktur i nordhordalandspakka. På fylkestinget, i Bergen bystyre og på Stortinget har vi krevd at dette skal fullfinansierast over statsbudsjettet. Vi må styrka rutetilbodet og regulere prisar slik at kollektivtilbodet blir eit reelt alternativ til bil - også i Norhordland.

Difor føreslår vi “happy hour” på enkeltbillett på buss, bane og tog heile døgeret, kvar dag i året, som gjeld i tre timar. Dette skal erstatte “overgangsbilett” som i dag berre varar éin time. For folk i distrikta, som har lange avstandar og dyre bompengeringar, vil den utvida tida gjere ein stor forskjell for kor mykje utbytte ein får av å nytta kollektivtilbodet. Dessutan må ferjebillett inngå i bussbilletten, når bussen kryssar fjordane.

Vi vil også at barn opp til 13 år skal reise gratis, og det generelle prisnivået må ikkje auke meir, derimot på sikt bli gratis. Vi vil til dømes starte med “gratissonar”, på enkelte ruter innad i tettbygde strok. I dag gjeld Skyss-billetten berre i éin time. Éin time er ikkje lang tid, i eit fylke med lange avstandar – også innad i dei enkelte kommunane, som eksempelvis Alver kommune som no har auka både i areal og innbyggjartal. Raudt Vestland trur at fleire vil nytte kollektivtilbodet om enkeltbillettane blir billegare - og det blir dei jo for folk flest om billetten er gyldig i fleire timar. Slik blir det for mange meir økonomisk forsvarleg å ta buss til/frå for eksempel trening og i forbindelse med andre kvardagsgjeremål.

Raudt Vestland heier på den klimastreikande ungdommen, og lovar å lyfte krava deira på fylkestinget. I vår føreslo vi at elevane skulle få gyldig fråver når dei klimastreika, men det vart stemd ned – også av MDG. Vi takkar alle som likevel står opp for si framtid, og vonar happy hour på bussen berre er eit av mange klimatiltak vi skal få gjennomført i nye Vestland fylkesting.

Jeanette Syversen

1. kandidat Raudt Vestland


Ingeborg Hordvik
3. kandidat Raudt Vestland

Foto: Mailiss Solheim


Dette innlegget stod på trykk i Strilen 3.september 2019.