Ingen menneske er ulovlege!
I årets siste fylkestingsmøte løfter Raudt dei aller mest sårbare i Vestland fram, nemleg "papirlause" ureturnerbare menneske, gjennom følgande interpellasjon.
Ingen menneske er ulovlege.
I nettavisa «frifagbevegelse» 07.12.21 kunne ein lese om 26 år gamle Amir, som har levd 10 år i Norge og er ein av dei «ureturnerbare»: «Draumen er å kunne studere. Å kunne få ein jobb. Han har lært seg norsk sjølv. Den einaste staden han finn ro, er i kyrkja.» Som ureturnerbar og papirlaus har du rett til å bu på asylmottak med minimumstilskot for å overleve. Men du har ingen lovfesta rett til verken norskundervisning, utdanning, arbeid eller helsehjelp utover øyeblikkeleg hjelp. Alle livets utgifter skal dekkast av 2000 kr i månaden. Mange har levd under slike forutsetninger her i Norge mykje lengre enn Amir.
I fylgje UDI budde det pr. desember 2020 offisielt 729 ureturnerbare menneske utan opphaldsløyve i Noreg. Desse synlege irregulære immigrantane blir og kalla «papirlause». FAFO-rapporten «Irregulær bistand: En kartlegging av norske storbyars møter med irregulære migrantar», avdekker utfordringane disse menneska leve med. Dessutan lir born av papirlause ei skjebne staten ikkje i tilstrekkeleg grad har oversikt over eller tar høgde for. Mørketala er og uvisse, då mange ikkje er såkalla «synleg irregulære». Disse inkluderer offer for trafficking og/eller grov utnytting, ekstremt sårbare menneske som vegrar seg frå å ta kontakt med politiet for å få hjelp, i frykt for statlege represaliar.
Noreg har som dei fleste andre europeiske land ratifisert flyktningkonvensjonen, men etter flyktningstraumen i 2009 og 2015 har fortolkinga av konvensjonen blitt stadig strengare. Dagens europeiske praksis av asylretten og FNs konvensjonar har groteske følgjer, og det angår oss: Den daude kroppen til 1 år gamle Artin Irannezhad, som drukna med familien i forsøk på å komme seg over den engelske kanal i 2020, skylte i hamn ved Karmøy i Noreg.
I anstendigheita sitt namn må vi sikre verdige liv til dei som framleis går blant oss i levande kroppar og bankande hjarter! Ureturnerbare, levande kroppar må få lov til å leve fullverdige liv i fridom. Fleire studiar viser at det å bu på mottak etter avslag og utan moglegheit til retur kan vere ei stor psykisk belastning for born og vaksne.
Raudt meiner at situasjonen for papirlause flyktningar er uhaldbar og at dei må få varig amnesti, rett til å arbeide og studere. Dette arbeidar vi og fleire organisasjonar for nasjonalt også. Ingen menneske er ulovleg eller verdilaus, sjølv om ein er papirlaus.
Fylkeskommunen står i ei nøkkelposisjon, overfor dei menneska som bur i vårt fylke. Den lille men viktige ideelle organisasjonen «Menneske i Limbo» som arbeider spesifikt inn mot gruppa lengeverande papirlause trur at det er snakk om rundt 80 personar lokalisert ved Solbakken mottak i Florø og fleire på Stord, Voss og i Bergen.
Raudt stilte spørsmål om dette i Hovudutval for kultur idrett og integrering i november og vi er samde med fylkesdirektøren si konklusjon: «som tenesteleverandør innan kultur, opplæring, tannhelse og samferdsel finns eit potensiale til å kunne legge til rette for tenester for denne gruppa. Spørsmålet om slik tilrettelegging og stimulans er ei politisk utfordring, som mellom anna må sjåast i samanheng med nasjonal lovgjeving.»
Raudt spør difor fylkesordførar om følgjande:
- Er fylkesordførar samd med at fylkeskommunen sine tenester bør være til gagn og ikkje til hinder for papirlause i fylket vårt?
- Er fylkesordføraren samd i at det kan vere eit viktig bidrag til å løfte disse menneska sin fortvila livssituasjon, at fylkeskommunen får ein oversikt over situasjonen for gruppa ureturnerbare papirlause og born av papirlause i fylket vårt?
Framlegg til vedtak:
1. Fylkestinget i Vestland anerkjenner at gruppa synlege irregulære immigrantar har sosiale og helsemessige utfordringar.
2. Fylkestinget i Vestland ber om ei sak som gjev oversikt over tal synlege irregulære immigrantar i Vestland og kva handlingsrom fylket har til å betre deira situasjon.
3. Fylkestinget i Vestland ber om at organisasjonar som Kirkens Bymisjon og Menneske i Limbo kontaktast og inviterast som innspelspartnarar til løysingar for denne gruppa.
4. Saka blir lagt fram for fagutvala og fylkestinget innan sommaren 2022.