Ingen kutt i akutten på Stord og i Odda!
Fylkesårsmøtet til Raudt Hordaland vedtok i går følgjande fråsegn om lokalsjukehusa.
Ingen kutt i akutten på Stord og i Odda!
Her i Hordaland har det vore stor spenning knytta til om lokalsjukehusa på Stord og i Odda blir sikra fortsatt akuttkirurgisk og akuttmedisinsk beredskap. Dette har vore eit folkekrav både i Sunnhordland og Hardanger, og eit samla fylkesting støtta før jul dette kravet.
Fylkesårsmøtet i Raudt Hordaland må diverre konstatere at fleirtalet i stortingskomiteen ikkje har gitt slike garantiar i innstillinga si. Dei nøyar seg med fine formuleringar:
"Stortinget ber regjeringen sørge for at sykehus som i dag har akuttkirurgiske tilbud, fortsatt vil ha dette når hensynet til pasienten gjør det nødvendig, og kvalitet og pasientsikkerhet er ivaretatt." (Forslag frå H, FrP og V).
Så vil dei overlate til dei regionale helseforetaka å tolke dette i den vidare prosessen. Etter Raudt sitt syn må Stortinget den 17.mars skjære gjennom og vedta fylgjande, i tråd med Senterpartiet sine forslag:
"Stortinget ber regjeringen sikre at Stord og Odda sjukehus videreutvikles som et fullverdig lokalsykehus med minimum døgnberedskap i akutt indremedisin, kirurgi, anestesi, røntgen og laboratorietjenester og styrkes gjennom bedre oppgavefordeling og samarbeid i helseregionen."
Samstundes må Stortinget etter Raudt sitt syn gå inn for å avvikle dei forretningsprega helseforetaka som AP innførte saman med H og FrP i 2002, og erstatte private kommersielle klinikkar og velferdsprofitørar med styrka offentlege helse- og sjukehustilbod for alle i landet.