- Ikkje aktuelt med vindturbinar på land – lokalbefolkninga veit best!

I dag, 1. oktober, går fristen for å sende inn høyringssvar til NVEs forslag til ei nasjonal ramme for vindkraft på land. Her kan de lese Raudt sitt høyringsinnspel.

NVE si utredning til nasjonal ramme tar ikkje tilstrekkeleg omsyn til områdar som er verneverdige eller kan bli det i framtida. Det er heller ikkje gjort tilstrekkelege konsekvensanalysar for tapte myrområde, insektsdød, fuglebestand og mikroplastavfall frå turbinane som sprer seg i myr og vatn.
Det uttalar Raudt Vestland si fylkestingsgruppe som ble konstituert i Bergen denne helga.

- Vi aksepterar ikkje at vindkraftbaronar raserar vår felles urørte natur, under dekke av at Noreg bidrar til det grøne skiftet som «Europas grøne batteri». Eg vil ta sterkt til orde imot dette når eg skal møte i Hordaland fylkesting førstkommande tysdag! All utbygging av vindkraftanlegg i Vestland må stoppast og norsk naturmangfald sikrast, seier Jeanette Syversen, komande gruppeleiar for Raudt Vestland.

Motstanden mot utbygging av vindturbinar i Norsk natur har vore massiv heilt frå prosessen for å utrede dette starta, og er no sterkare enn nokon gong. Det kan ein sjå på dei hundretals høringsuttalane som er sendt inn frå lokalparti, privatpersonar og foreiningar ifrå heile landet.

- Vi registrerer også at Oslo politikarane Bård Standal (H) og Thor Egil Braadland (SV) åtvarar mot å tillate lokale veto i saka. Dette stiller vi oss sterkt kritiske til. Lokale styresmaktar og lokalbefolkninga er langt bedre rusta til å sjå dei faktiske forholda som må hensynas i denne saka. Raudt står på folket si side, naturmangfold, lokaldemokrati, levelege straumprisar og nettleige må gå foran dei utenlandske vindkraftinvestorane sine interessar, seier Terje Kollbotn som sit i nye Vestland fylkesting saman med Syversen.

Høyringsfråsegn frå Raudt Vestland - Høring – NVEs forslag til en nasjonal ramme for vindkraft på land

Høyringssvar frå Raudt Vestland til NVEs forslag til en nasjonal ramme for vindkraft på land