Ikkje gløym Palestina!

Årsmøtet i Raudt Hordaland vedtok denne fråsegna på sitt årsmøte 14. og 15. mars 2026.

Situasjonen i verda er meir turbulent og usikker enn vi nokon gong har opplevd etter andre verdskrigen!Russland går inn i det femte året med sin okkupasjon og brutale åtakskrig mot Ukraina, og USA går til åtak på og truar ikkje berre land i Midtausten og Latin-Amerika, men også sine allierte i Nato.

Ikkje fred for palestinarane
I skuggen av desse store geopolitiske hendingane lever palestinarane i ein uuthaldeleg situasjon etter to år med folkemord på Gazastripa. Trass i store ord om fred og våpenkvile held Israel fram med brutale overgrep mot palestinarane på Gaza og Vestbreidda. Størstedelen av Gaza er framleis under den israelske hæren sin kontroll, grensene er framleis stengde for nødhjelp og internasjonal presse, og livsviktige hjelpeorganisasjonar har mista løyvet sitt til å drive arbeid. I slutten av september måtte bl.a. Leger Uten Grenser evakuere sine tilsette frå Gaza by, til stor fortviling både for dei tilsette og befolkninga som mistar livsviktig helsehjelp. Dagleg blir palestinarar skotne, bomba, fengsla og fordrivne frå heimane sine både i Gaza og på Vestbreidda. Busetjarane får herje fritt, med støtte og vern frå den israelske okkupasjonshæren! Behovet for merksemd og støtte til palestinarane er framleis kritisk!

FN: Israel bryt folkeretten og rettane til palestinarane

FN understrekar at det palestinske folket har rett til sjølvbestemming, men det palestinske folket blir ramma av ein ulovleg okkupasjon og Israel bryt folkeretten på fleire måtar i Palestina:

  • Palestinarane sin rett til sjølvbestemming blir broten
  • Landområde blir annekterte, som i Aust-Jerusalem og i Jordandalen
  • Palestinarar blir fjerna, og israelarar buset okkupert land
  • Okkupasjonen har vist seg å ikkje vere mellombels
  • Reglar mot rasediskriminering og apartheid blir brotne

FN slår òg fast at palestinarane har rett til å gjere motstand, men Israel hindrar palestinarane sin identitet, politiske eksistens og motstand.

Forsvar folkeretten

Respekt for folkeretten, menneskerettar og internasjonale avtalar er særleg viktig for eit lite land som Noreg. Utan folkeretten vil berre den sterkaste sin rett gjelde!

Boikott Israel

Som FN slår fast, bryt Israel folkeretten på ei rekkje punkt, og dette må få konsekvensar!

Det palestinske folket treng vår aktive støtte og solidaritet. Ein konkret måte å gjere dette på er å støtte arbeidet for boikott av Israel. Eit viktig nasjonalt krav er å få oljefondet ut av Israel! Men mykje kan òg gjerast lokalt: Her i Bergen har ei rekkje lokale verksemder slutta seg til den internasjonale boikottorganisasjonen BDS (boikott, deinvestering, sanksjonar) si oppmoding og erklært seg som «Apartheidfri sone». Dette er fantastisk positivt, og vi håpar endå fleire sluttar seg til!

Vår oppmoding er difor: Framleis full støtte til palestinarane sin kamp for sjølvbestemming og menneskerettar, forsvar folkeretten og boikott Israel!

Vi oppmodar samstundes til å støtte opp om den veksande grasrotrørsla for å boikotte amerikanske varer i protest mot USA sine brot på folkeretten.