Høyringsinnspel til fornybardirektivet

Raudt Hordaland har sendt inn høyringssvar på regjeringa si høyring om fornybardirektivet.

Raudt Hordaland ønsker å fremme innseiingar i samband med høyringa om fornybardirektivet, sjølv om vi meiner prosessen er særs uheldig. Særskilt legg Raudt Hordaland vekt på at direktivet ikkje er tilgjengeleg på nokre av dei norske språka, og såleis ikkje er gjort tilstrekkeleg tilgjengeleg.

Direktivet legg sterke føringar på norsk kraftpolitikk, og Raudt Hordaland sitt primære syn er at norsk kraftpolitikk skal avgjerast i Noreg, ikkje i direktiv frå EU. Vi ber difor regjering og storting legge ned veto mot direktivet i sin heilskap.

Raudt Hordaland vil likevel trekke fram nokre særskilde omsyn frå dokumentet.

Raudt Hordaland er positive til målet om klimanøytralitet i EU seinast i 2050 og måla knytt til reduksjon av klimagassar fram til det. Vi er og positive til kravet om at omstillinga skal veære rettvis.

Raudt Hordaland meiner desse måla ikkje kan nåast utan ei radikal omlegging av samfunnet mot mindre bruk av energi. Løysinga er ikkje, slik EU legg opp til, å produsere stadig meir energi inn i ein umetteleg marknad, men å arbeide målretta for mindre energibruk og småskala kraftproduksjon der folk bur. Raudt sitt hovudønske er å løyse energibehova gjennom å stogge veksten i energibruk, storskala energiøkonomisering, oppgradering av eksisterande kraft, og kooperativ utbygging av solkraft. Tida for dei store vasskraftutbyggingane bør vere forbi, og det er tydeleg kor store konfliktar det er knytt til vindkraftutbygging i naturen.

Vi meiner direktivet i alt for liten grad tek omsyn til at vi og er i ei naturmangfaldskrise. Den storskala utbygginga av fornybar energi direktivet legg opp til vil akselerere naturmangfaldskrisa og gjere at verdifull natur blir bygd ut til energiformål utan at viktige naturverdiar vert tekne omsyn til. Solide prosessar der dei som er nærast på naturen vert høyrd og der føre var-prinsippet er avgjerande, vil vere naudsynt for å gjennomføre kraftutbygging og i framtida. Raudt Hordaland går difor sterkt mot forkorta handsamingstider og kortare tidsfrister i samband med konsesjonssøknader. Konsesjonsvesenet må styrkast og ikkje svekkast. Vi er særleg uroa for at natur- og miljøomsyn vert skadelidande slik direktivet framstår. Vi reagerer og sterkt på at EU skal diktere korleis konsesjonshandsaminga skal føregå i Noreg - særleg når vi veit at viktige naturinteresser vert nedprioriterte i jakta på mer kraft.

Noreg, med ein fornybar energiandel på nær 80 %, står framfor unødvendig og skadeleg press for å øauka eksporten av fornybar energi til EU, noko som direkte trugar naturverdiar og biologisk mangfold. Direktivet sitt krav om å auke produksjonen er ikkje forenleg med internasjonale avtalar som Naturavtalen av 2022, og må derfor ikkje implementerast.

Raudt Hordaland ønsker å fremme innseiingar i samband med høyringa om fornybardirektivet, sjølv om vi meiner prosessen er særs uheldig. Særskilt legg Raudt Hordaland vekt på at direktivet ikkje er tilgjengeleg på nokre av dei norske språka, og såleis ikkje er gjort tilstrekkeleg tilgjengeleg.

Direktivet legg sterke føringar på norsk kraftpolitikk, og Raudt Hordaland sitt primære syn er at norsk kraftpolitikk skal avgjerast i Noreg, ikkje i direktiv frå EU. Vi ber difor regjering og storting legge ned veto mot direktivet i sin heilskap.

Raudt Hordaland vil likevel trekke fram nokre særskilde omsyn frå dokumentet.

Raudt Hordaland er positive til målet om klimanøytralitet i EU seinast i 2050 og måla knytt til reduksjon av klimagassar fram til det. Vi er og positive til kravet om at omstillinga skal veære rettvis.

Raudt Hordaland meiner desse måla ikkje kan nåast utan ei radikal omlegging av samfunnet mot mindre bruk av energi. Løysinga er ikkje, slik EU legg opp til, å produsere stadig meir energi inn i ein umetteleg marknad, men å arbeide målretta for mindre energibruk og småskala kraftproduksjon der folk bur. Raudt sitt hovudønske er å løyse energibehova gjennom å stogge veksten i energibruk, storskala energiøkonomisering, oppgradering av eksisterande kraft, og kooperativ utbygging av solkraft. Tida for dei store vasskraftutbyggingane bør vere forbi, og det er tydeleg kor store konfliktar det er knytt til vindkraftutbygging i naturen.

Vi meiner direktivet i alt for liten grad tek omsyn til at vi og er i ei naturmangfaldskrise. Den storskala utbygginga av fornybar energi direktivet legg opp til vil akselerere naturmangfaldskrisa og gjere at verdifull natur blir bygd ut til energiformål utan at viktige naturverdiar vert tekne omsyn til. Solide prosessar der dei som er nærast på naturen vert høyrd og der føre var-prinsippet er avgjerande, vil vere naudsynt for å gjennomføre kraftutbygging og i framtida. Raudt Hordaland går difor sterkt mot forkorta handsamingstider og kortare tidsfrister i samband med konsesjonssøknader. Konsesjonsvesenet må styrkast og ikkje svekkast. Vi er særleg uroa for at natur- og miljøomsyn vert skadelidande slik direktivet framstår. Vi reagerer og sterkt på at EU skal diktere korleis konsesjonshandsaminga skal føregå i Noreg - særleg når vi veit at viktige naturinteresser vert nedprioriterte i jakta på mer kraft.

Noreg, med ein fornybar energiandel på nær 80 %, står framfor unødvendig og skadeleg press for å auka eksporten av fornybar energi til EU, noko som direkte trugar naturverdiar og biologisk mangfold. Direktivet sitt krav om å auke produksjonen er ikkje forenleg med internasjonale avtalar som Naturavtalen av 2022, og må derfor ikkje implementerast.