Fylkesutvalet må seie nei til vindkraft inn bakvegen
Raudt Vestland har i brev til fylkesutvalet kravd at utvalet stiller seg bak dei kommunane og det folkelege engasjementet som er mot vindkraft.
Raudt Vestland har i brev til fylkesutvalet kravd at utvalet stiller seg bak dei kommunane og det folkelege engasjementet som er mot vindkraft.
Fylkesutvalet har møte 1.-2. juni, der det skal vedtakast eit planprogram for fornybar energi.Raudt er ikkje mot eit planprogram.Vi meiner at Noreg og Vestland må effektivisere både fornybarproduksjonen og -forbruket for å erstatte bruken og forbrenninga av olje og gass.Derfor må både Noreg og Vestland ha ein plan for dette.
Men i brevet vårt, viser Raudt til at i dei kommunane det har vore planar om og fare for vindkraft-utbygging, har så godt som alle kommunar gått i mot dette.Motstanden frå innbyggjarar og kommunar var så sterk at førre regjering trekte NVE sitt forslag til nasjonal ramme.
Også fylkestinget har ved minst to høve uttala seg reservert/negativt til vindkraft, og det har dermed blitt etablert inntrykk av fylkeskommunen har stilt seg bak innbyggjarane, lokalsamfunna og kommunane.Fylkesdirektøren sitt forslag til planprogram for fornybar energi er såleis skuffande.
Raudt meiner derfor at planprogrammet må leve opp til fylkestinget sitt vedtak 10.6.20 om at ein ikkje vil ha utbygging av vindkraft som er i strid med kommunestyrevedtak:
«Vestland fylkesting vil ikkje ha utbygging av vindkraft i urørd natur eller på bekostning av viktige verdiar knytt til natur, landskap, kulturminne/kulturmiljø og reiseliv, og som er i strid med kommunestyrevedtak.Vindkraft til havs skal utviklast i samråd med havbruks- og fiskeinteressene.»
Dersom fylkesutvalet 1.-2. juni skulle velje å ikkje etterleve sitt eige vedtak om å stille seg bak lokalt engasjement og kommunale avgjerder, er vi sikre på at det vil vekke oppsikt og vere lite tillitvekkjande.Raudt for sin del vil i så fall bidra endå sterkare at fjellandskapa vil bli skåna for vindkraft og allemannsretten bli ståande over profittinteressene til kraftbransjen og svært ofte utanlandske kapitalgrupper.
Raudt Vestland
Jeanette Syversen, gruppeleiar i fylkestinget.