Fylkestinget: Raudt sitt alternative forslag til budsjett og økonomiplan
På fylkestingsmøtet i dag legg Terje Kollbotn fram Raudt sitt forslag til endringar til fylkesutvalet si innstilling til budsjett og økonomiplan.
TALDEL BUDSJETT:
1. Ingen takstauke innan kollektivtrafikken (frys-forslag 2017) kombinert med storoffensiv for meir kollektivbruk.
Finansiering:
Auka billettinntekter som fylgje av enno fleire reisande.
Overføring 2,5 mill frå folkefest sykkel-VM
Mva-refusjon frå staten øyremerka til kollektivsatsing (jfr. verbalforslag 2).
2. Ny og forenkla sonestruktur, bruk av app og forenkla billetteringssystem i heile fylket i 2017 (herunder bruk av bank-kort på buss ): 5 mill.
Finansiering: Auka konsesjonskraftinntekter: 5 mill.
3. Styrking av utdanningskapitlet til fleire lærarar og tiltak mot fråfall i skulen: 10 mill.
Finansiering:
Auka statlege overføringar pr. elev ved mindre fråfall.
Effektivisering administrasjon / drift : 5 mill.
Bruk av disposisjonsfondet (ubundne avsetjingar). 5mill.
VERBALFORSLAG:
1. STYRK SKULETILBODET – MINDRE FRÅFALL.
Fråfall er den største utfordringa i den vidaregåande skulen i Hordaland. For å motverke dette må fylkeskommunen m.a. redusere klassestørrelsen og auke lærartettleiken. Dei siste åra har klassestorleiken auka på mange skular gjennom sparetiltak og stykkprisfinansiering. Stykkprisfinansiering har medverka til samanslåingar av fellesfag på yrkesfag og altfor store klassar på ålmenfag / studiespesialiserande fag. Stykkprisfinansiering må bli avvikla. Fleire lærarar i klasseromma gjer at den einskilde elev blir meir synleg og hindrar einsemd, som er ein hovedgrunn til fråfall.
2. STYRK KOLLEKTIVTRAFIKKEN – FULL MVA-REFUSJON FRÅ STATEN.
Hordaland fylkesting vil ta initiativ ovafor regjering og storting for å få innført mva-refusjon innan kollektivtrafikken i Hordaland og andre fylke. Dette må gjennomførast i samband med revidert nasjonalbudsjett i Stortinget våren 2017.Styrking av kollektivtrafikken krev ekstra ressursar. Meirinntektene til staten i form av mva må tilbakeførast til kommunane øyremerka til styrka kolletivsatsing, og dermed auka kollektivbruk og inntekter.
Forslagsstillar: Terje Kollbotn (Raudt)