Fylkestinget, mars 2016

Fylkestinget var samla i Bergen den 8. og 9. mars, og frå Raudt møtte gruppeleiar Terje Kollbotn. Her er ei kort oppsummering av nokre av sakene.

Blant sakane tannklinikkplan for Hordaland,  psykisk helse og tilsetjing av psykolog i dei vidaregåande skulane og midlertidig tidsdifferensierte bompengetakstar - strakstiltak ved fare for høg luftforureining. I tillegg fremja Raudt interpellasjon om at fylkeskommunen må seie nei til fleire mellombelse stillingar i fylkeskommunen og for styrkjing av nynorsken i fylket.

Tannklinikkplanen
Raudt ønskte å utsetje saka om tannklinikkplan fordi vi meinte at vi ikke hadde nok informasjon om saka, dette fekk vi diverre ikkje fleirtal for, og dermed blei saka behandla. Utfallet blei at det vil bli store omleggingar. I alle fem distrikta i fylket vil tannhelsetilbodet i hovudsak verta konsentrert til store klinikkar i løpet av perioden fram til 2030. Dei største endringane vil skje i åra fram til 2024-25. Raudt stemte mot planen, då vi meiner at den ikkje er bra, særskilt for distrikta. Diverre fekk den likevel fleirtal. Les heile saka her.

Usosiale bompengar
Vedtaket i saka om auka bompengar går blant anna ut på at det vert opna for å sette i verk femdobling av gjeldande bompengetakstar ved varsel om høg luftforureining, definert som overskriding av grenseverdiane for NO2 og PM10, som er venta å vare i to dagar eller meir.

Raudt er sjølvsagt einig i at det trengs tiltak mot luftforureininga i Bergen, men auka bompengar åleine er ikkje løysinga. Vi fremja difor eit tilleggsforslag i saka om bompengar som var som følgjer:
"Før iverksetting av tiltaket, skal ei dispensasjonsordning vere på plass for dei som ikkje har eit velfungerande kollektivtilbod og av sosiale / økonomiske grunnar ikkje har råd til å betale ei femdobling av bompengetakstane"
Detter framlegget fekk diverre kun Raudt si stemme. Saka skal òg opp til handsaming i bystyret i Bergen i mars.

Hordaland seier nei til fleire mellombelse stillingar
Etter framlegg frå Raudt vedtok fylkestinget at Hordaland fylkeskommune vil som arbeidsgjevar fylgje tidlegare paragraf 14-9 i Arbeidsmiljølova, uavhengig av om Stortinget har vedtatt utvida adgang til mellombels tilsetjingar i ei ny Arbeidsmiljølov. Hordaland føyer seg dermed inn i rekkja av fylke i Noreg som har vedteke å følgje dei gamle bestemmelsane, noko som er særs gledeleg. FrP meinte at vedtaket var ulovleg, men at ein ønskjer ein betre praksis for dei tilsette enn den nye lova gjev adgang til er ikkje lovstridig. Heile interpellasjonen kan du lese her.

Nynorsk-interpellasjon ikkje realitetsbehandla
Framlegget om handlingsplan for nynorsken hadde stort fleirtal, men FrP og H røysta imot realitetshandsaming . 19 av 57 representantar (1/3) kan avvise realitetshandsaming etter reglementet. Saka kjem difor først opp i fylkestinget i juni. Dagem etter vedtok Utval for oppvekst og helse å løyva 100.000 kroner til ei prosjektstilling som skal styrkja nynorsken i fylket. Les meir om det her.

Strykjing av psykisk helsevern i vdg
For å styrke arbeidet med elevane si psykiske helse vert det etablert eit team med skulepsykologar. Teamet skal bestå av til saman seks årsverk. Teamet skal vere eit lågterskeltilbod for elevane og hjelpe skulane i enkeltsaker og med elevane sitt psykososiale arbeidsmiljø. Psykologane skal samarbeide tett med kommunane gjennom skulehelsetenesta.Stillingane vert lagt til den fylkeskommunale PP-tenesta, men skal øyremerkast definerte oppgåver på dei vidaregåande skulane.

Resten av sakene som var oppe til handssaming i Fylkestinget kan du lese i protokollen frå fylkestinget. Kontakt oss gjerne om du vil vete meir om nokon av sakene.