Fylkestinget: Hordaland må bli føregangsfylke for eit seriøst og ryddig arbeidsliv

På dagens fylkestingsmøte kjem Raudt til å legge fram ein protokollmerknad til meldinga som fylkesrådmannen har lagt fram vedrørande vedtaket om at fylkestinget vedtok tariffavtalar for alle innkjøp i mars.

Nederst i saka kan du sjå opptak frå Kollbotn sitt innlegg på dagens fylkestingsmøte.

På Fylkestinget i mars vart følgjande vedtak fatta etter framlegg frå Raudt:

«Hordaland fylkesting går inn for at hovedregelen ved fylkeskommunale innkjøp / oppdrag er at det blir stilt krav om at det ligg føre norsk landsdekkjande tariffavtale».

Dette var ein historisk siger for eit ryddig arbeidsliv. Under dagens fylkesting freistar fylkesrådmannen å underkjenne vedtaket på grunn av at det kan vere i strid med EØS-avtalen særleg reglane om fri utveksling av tenesteytingar.

På dagens fylkestingsmøte legg fylkesrådmannen fram ei sak der det heiter at det har kome informasjon som tilseier at det ikkje har vore fylkestinget sin intensjon å stille krav om at leverandøren er tilslutta tariffavtale. Fylkesrådmannen legg til grunn at bakgrunnen for vedtaket er eit ønske om å sikre at Hordaland fylkeskommune handlar med seriøse leverandørar, der dei tilsette har løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande tariffavtalar.

Dette set Raudt spørsmålsteikn ved, vi meiner at fylkesrådmannen i denne saka nyttar administrative grep for å undergrava eit krystallklårt vedtak. Hordaland kan bli føregangsfylke for å legge opp til eit seriøst og ryddig arbeidsliv, og Terje Kollbotn fremjer difor protokolltilførsel på vegne av Raudt med krav om at vedtaket frå marsmøtet står som det gjer.

Følgjande protokollmerknad vart fremma i dag: 
Vedtaket i sak 13/17 i Hordaland fylkesting 7.mars om krav om tariffavtale ved innkjøp / oppdrag kan ikkje endrast administrativt av fylkesrådmannen.
Etter mitt syn står vedtaket ved lag inntil fylkestinget eventuelt vedtar endring.

Her kan du sjå og høyre Terje Kollbotn sitt innlegg i ordskiftet etter fylkesordførarens opningstale på dagens fylkestingsmøte.