Fylkesbudsjettet: Skuffa over auka prisar på kollektiv

I dag vart framlegg til budsjett for 2018 for Hordaland fylke lagt fram. Som vi frykta kjem takstane på kollektiv nok ein gong til å bli auka, denne gong med omlag 3,5% over fleire soner.


Reisande får i dag på enkeltbillett 17 prosent rabatt dersom dei betalar med reisepengar på Skysskort eller med mobilkonto. I budsjettforslaget tilrår ein å ta bort denne rabatten. Dermed blir rimlegaste enkeltbillett i sone 1 kr 37,-

Dersom rådmannen sitt framlegg går gjennom, vil prisane bli:

  • 30 dagars periodekort for vaksne: 30 kroner dyrare, totalt 810 kroner.
  • 30 dagars periodekort for barn: 40 kroner dyrare, totalt 405 kroner.
  • 30 dagars periodekort for honnør: 15 kroner dyrere, totalt 405 kroner.
  • 30 dagars periodekort for studentar: 15 kroner dyrare, totalt 485 kroner.
  • Ungdomsbillett: 40 kroner dyrare, totalt 405 kroner.

Prisane for fergebillettar vil også auke med rundt 5%, og prisen for å ta snøggbåt vil auke med 2,5%.

Raudt er særs lite nøgde med at kollektivtakstane stadig blir auka. Dette går utover dei som har minst, og er særs usosialt. Prisen på månadskort har stege med kr 110,- på fem år, og det er ikkje noko ein kan vere bekjent av om ein faktisk ønskjer å satsa på kollektiv.

Vi kjem attende med meir om budsjettet etterkvart. Send oss gjerne innspel til vårt alternative budsjett.

Her kan du sjå heile budsjettet.