Full støtte til Vestlandsoppropet mot ACER
Eit samrøystes fylkesstyre i Raudt Hordaland vedtok på fylkesstyremøtet i dag at vi stillar oss bak Vestlandsoppropet mot norsk tilknytning til ACER.
LO i Indre Hardanger har teke initiativ til oppropet som vi vonar fleire vil stille seg bak, slik at vi får ein breiast mogleg front mot ACER.
EU har vedteke sin tredje energipakke, der EU sin Energiunion skal ha ei overordna rolle i nettutvikling og den europeiske kraftmarknaden i EU/EØS-området. Den norske regjeringa har foreslått at Norge blir tilknytta EU sin Energiunion gjennom ACER(Agency of Cooperation og Energy Regulators). Etter ein høyringsrunde, skal denne saka bli avgjort i Stortinget i mars 2018.
Her kan du