Fråsegn vedkomande nedlegging av akuttfunksjonane ved Odda og Stord sjukehus

Eit einstemmig fylkesting vedtok på Fylkestingsmøtet 10. desember 2015 følgjande fråsegn.

Hordaland fylkesting er sterkt uroa over Helseministeren sitt forslag om å legga ned akuttberedskapen ved Odda og Stord sjukehus.

Sjukehus utan akuttfunksjon er som eit brannvesen utan tilgang på vatn og vil gje eit kraftig redusert helsetilbod i distrikta i Hordaland. Befolkningsgrunnlag som kriterium er berre eit av mange kriterium som må vektleggjast for kva slags funksjonar eit lokalsjukehus bør ha.

Dei generelle argumenta for å behalda akuttberedskapen ved fleire av dei lokale sjukehusa er at alle skal ha rett på eit likeverdig helsetilbod, uavhengig av bustad og postadresse. Noreg vil i tida framover koma til å trengja all den kapasiteten som desse sjukehusa har å tilby. Dei store sjukehusa er ikkje volummessig rusta til å overta all akuttfunksjonane frå dei små sjukehusa. I tillegg er den økonomiske vinsten høgst uklår.

I tillegg er det nokre heilt spesifikke årsaker knytt til at nettopp Odda og Stord sjukehusa framleis må bestå med fullverdige akuttfunksjonar til innbyggjarane: 
Odda er eit samfunn med mykje tungindustri, der det fort kan skje alvorlege ulykker. Til tross for relativ kort transportveg til Haugesund veit vi at dei preoperative tenestene ikkje er tilstrekkeleg utbygd.

Transportrutene, både til lands og med helikopter, er forholdsvis ofte stengt grunna ras eller dårleg flygever. Det medfører at Odda med omeign i periodar kan vera heilt isolert. Til tross for at befolkningsgrunnlaget for Odda sjukehus er rekna til ca. 12.000, veit vi at det om sommaren aukar til 70.000, grunna turister som skal til Trolltunga. Det har i år vore fleire farlege redningsaksjonar der.

Stord har et befolkningsgrunnlag på 49.000, altså knappe 10.000 under det talet som er anbefalt for å oppretthalde akuttfunksjon, og er eit område med stadig befolkningsvekst. Den største arbeidsplassen er Aker Stord, som er heilt avhengig av akuttberedskap. I tillegg har Stord stor gjennomfartstrafikk, og det er i de nærmaste åra planlagt store vegbyggingsprosjekt, noko som vil medføra ein auka fare for ulykker. Stord har og ein flyplass og det har vore to store flyulykker der. Stord kan med enkle grep frå Helse Fonna få tildelt funksjonar som gjer at de kjem over den anbefalte pasientpopulasjonen, slik Voss har fått frå Helse Bergen.

Hordaland fylkesting ber helseministeren og Stortinget om å skrinleggja desse planane og oppretthalda sjukehusa i Odda og Stord med akuttfunksjonar.