Fråsegn i fylkestinget om Palestina
Raudt fremjar denne interpellasjonen på fylkestinget i Vestland torsdag 17.06, og krev mellom anna at fylket sluttar kjøpe varer produsert i okkuperte område. Les heile interpellasjonen nedanfor.
Til fylkesordførar Jon Askeland i Vestland fylkeskommune
INTERPELLASJON TIL VESTLAND FYLKESTING 16.-17.JUNI 2021.
SOLIDARITET MED DET PALESTINSKE FOLKET!
I over 50 år har staten Israel okkupert palestinske område og skapt ein apartheid-stat. Millionar av palestinarar er drivne på flukt. Gaza er i realiteten blitt eit stort ope fengsel med over 2 millionar menneske på eit lite landområde. Den siste tida er nok eingong hundrevis av palestinarar blitt drepne og tusenvis alvorleg skadde etter israelske angrep på Gaza-stripa. Urovekkande mange av dei er born. Mange tusen er blitt heimlause, og har mista sine kjære våren 2021. Dette har skjedd i ein særs krevjande situasjon ved sjukehusa, med allereie manglande ressursar til å ta hand om covidpasientar.
Sjølv om FN, mange land og internasjonale organisasjonar har tatt sterkt avstand frå den israelske okkupasjonen og krigshandlingane den siste tida har ikkje dei israelske styresmaktene latt seg påverke til å endre kurs. Etter det israelske nyvalet nyleg, er situasjonen meir open. Dette må Norge og dei andre landa i Tryggjingsrådet i FN nytte til å stille krav til den nye regjeringa i Israel. Vestland fylkesting må no utfordre den norske regjeringa til å ta eit ansvar for å skape fred i Midtausten og vise solidaritet med det palestinske folket som har levd under kolonialisme i 5 generasjonar og stadig må leve med dei brutale følgjene av at den folkerettsstridige Israelske okkupasjonen held fram.
Fagforbundet og LO sin humanitære hjelpeorganisasjon Norsk Folkehjelp har avdekka at Statens pensjonsfond utland (SPU/Oljefondet) har investert i 64 selskap med verksemder på okkupert palestinsk område.
Ein tredel av desse porteføljeselskapa finns i lista over selskap som FNs høgkommissær for menneskerettar publiserte i februar 2020. FN-lista har selskap som har aktivitetar som høgkommissæren hevdar er heilt i strid med folkeretten og FN sine prinsipp for ansvarleg næringsliv. Investeringane er på rundt 165 milliardar kroner, og kan knytast til israelsk busetnad på Vestbredden eller til okkupasjonsøkonomien elles.
3. mai lanserte Fagforbundet og Norsk Folkehjelp kampanjesida www.fagforbundet.no/oljefondet. Hittil har rundt 11 000 personar sendt brev til Norges Bank, Etikkrådet, finansministeren og Stortingets finanskomité og bede om at Norge trekkjer Oljefondet ut av alle desse selskapa.
På denne bakgrunn vil eg spørje fylkesordføraren:
1. Er fylkesordføraren samd i at norske styresmakter og Norge som medlem av Tryggjingsrådet må ta eit mykje større ansvar for å løyse konflikten i Midtausten og sikre palestinarane sine menneskerettar?
2. Er fylkesordføraren samd i at Oljefondet ikkje skal nyttast til investeringar i strid med folkeretten og FN sine prinsipp for ansvarleg næringsliv?
Framlegg til vedtak:
1. Vestland fylkesting er djupt bekymra for framtida for det palestinske folket og vil sterkt oppmode regjeringa om å ta ansvar, m.a. gjennom Tryggjingsrådet i FN for at palestinarane sine menneskerettar blir respektert.
2. Vestland fylkesting vil sterkt oppmode om at Oljefondet snarast trekkjer seg ut av alle investeringar i område som Israel har okkupert og andre selskap som driv i strid med folkeretten og FN sine prinsipp for ansvarleg næringsliv.
3. Vestland fylkeskommune skal ikkje kjøpe varer eller tenester som er produsert i strid med folkeretten på okkuperte område, eller direkte eller indirekte investere i selskap og fond som medverkar til brot på folkeretten. Aktuelle leverandørar skal gjere greie for at dei tilfredsstillar desse krava.