Framlegg frå Raudt på fylkestingsmøtet 14. juni

Hordaland fylkesting 14. og 15.juni 2016 i Rosendal.

Raudt fremma to framlegg i samband med meldingar etter fylkesordføraren sin tale 14.juni.


1. Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner har oppmoda kommunestyra og fylkestinga i landet om å starte diskusjonen om korleis dei politiske organa kan medverke til å styrke dei tilsette sin ytringsfridom (jfr. RS 13/2016).
Hordaland fylkesting er positiv til dette initiativet, og går inn for at dette blir eiga sak på neste fylkestingsmøte i Hordaland.
Eit innspel som kan vurderast i denne samanhengen, er etablering av eit uavhengig nasjonalt varslarombod.

2. På bakgrunn av innspel frå representantar frå Utdanningsforbundet ved Garnes vidaregåande skule til Hordaland fylkesting datert 13. juni, med overskrifta «Tomme pultar ved Garnes vidaregåande skule – pultar som elevar ønskjer å sitje ved», vil fylkestinget be administrasjonen og Utval for opplæring og helse (OPHE) om å revurdere vedtaket sitt og halde oppe fire parallellklassar vg1 frå hausten 2016.

Terje Kollbotn (Raudt)