Forsvar og nasjonalt sjølvstende

Årsmøtet i Raudt Hordaland vedtok denne fråsegna på sitt årsmøte 14. og 15. mars 2026.

1. Grønland og den nye sikkerheitspolitiske situasjonen

Det vi har vore vitne til i januar 2026 med Trump-administrasjonen sine gjentekne truslar mot Grønland og Danmark, viser no Europa at Nato og USA ikkje er ein tryggingspolitisk garantist. Med dette grove brotet på Danmark sin suverenitet og Grønland sin sjølvråderett, er det viktig med solidaritet og praktisk støtte. Noreg må også sende militærhjelp om regjeringane i Grønland og Danmark ønskjer det.

Russland sin fullskala angrepskrig mot Ukraina i 2022 skapte ein ny og krevjande sikkerheitssituasjon i Europa. Med Trump sin stadig meir aggressive utanrikspolitikk, som no også rammar allierte i Nato, er sikkerheitssituasjonen forverra.

USA under Trump utviklar seg raskt i same autoritære retning som Putin sitt Russland, og desse politiske endringane i USA påverkar Europa sitt strategiske landskap. Visepresident Vance sin tale på sikkerheitskonferansen i München i 2025, og den nye sikkerheitsstrategien til USA, er uttrykk for eit ønske om amerikansk hegemoni, ikkje berre over dei europeiske landa sin utanriks- og sikkerheitspolitikk, men også eit hegemoni over innanrikspolitikken i Europa.

2. Forsvar og nasjonalt sjølvstende

Raudt har alltid vore mot NATO. No er det viktig at Noreg, for å avgrense stormaktene si makt, utviklar ein sjølvstendig sikkerheits- og forsvarspolitikk i samarbeid med andre demokratiske små- og mellomstore land som det er naturleg å samarbeide med. EU er ikkje svaret. Svaret er å styrkje det norske forsvaret, gjerne i samarbeid med andre nordiske land. Det er altså på den eine sida tid for å revurdere kven vi er militært avhengige av og kven vi skal alliere oss med. På den andre sida, som konsekvens av dette, er det avgjerande at Raudt står saman med resten av venstresida om å styrkje vårt nasjonale forsvar. Det er også ein føresetnad for å bli mindre avhengige av USA militært. Samstundes må Raudt halde fram arbeidet med å få oppheva den bilaterale baseavtalen med USA. Vi må sikre norsk jurisdiksjon på norsk jord.

I vår turbulente tid, der Russland ved systematisk terrorbombing no prøver å fryse over 30 millionar ukrainarar til å gi opp, og USA angrip Latin-Amerika og Iran og truar Grønland, er det svært viktig at Noreg rustar seg til å kunne forsvare interessene sine både mot russisk, amerikansk og andre lands imperialisme. Slik får vi også betre suverenitetshevding i norske nærområde. Å investere i forsvar er ikkje militarisme, det er prisen for uavhengigheit.

3. Dobbel kamp: Styrking av både forsvaret og velferdsstaten

I ei tid med omfattande usikkerheit og dramatiske endringar i trusselbiletet, og der vi må bruke store summar på forsvaret vårt, er det heilt avgjerande å halde velferdssystemet vårt intakt. Vi må ikkje godta at forsvarsutgifter går utover velferda til folk. Raudt må avvise denne motsetninga, fordi det å forsvare velferdsstaten også er ein viktig del av sikkerheitspolitikken og totalberedskapen. Nettopp denne doble kampen, både for styrking av forsvaret og kampen mot Forskjells-Noreg, er heilt avgjerande for å demme opp mot høgreradikale krefter. Å gå inn i ein "brød og smør-diskusjon", og sette velferd opp mot forsvar, er å gi høgrekreftene lettvinte sigrar.

Ikkje minst vil det i Norge opne for eit regjeringsskifte der Sylvi Listhaug kan bli ny statsminister.

4. Venstresida må stå saman og lære av historiske feil

Ytre høgre er, som vi ser i mange europeiske land, ein alvorleg trussel som vi på venstresida må ta på alvor. Den nye amerikanske sikkerheitsstrategien, som går hardt ut mot Europa, seier at «den veksande innflytnaden til patriotiske europeiske parti gir grunn til stor optimisme».

Med eit slikt dystert bakteppe er det avgjerande at venstresida held saman og ikkje lèt seg splitte, og at vi lærer av gamle historiske feil. I mellomkrigstida, medan fascismen styrkte seg, gjekk tid og krefter til spille på interne kampar. Det var øydeleggjande interne kampar på tysk venstreside før Hitler kom til makta i 1933. Tilsvarande strid var det på den republikanske sida under kampen mot Francos fascisme. Dette svekte kampen mot fascismen innanfrå.

Under den pågåande kampen mot den tyske invasjonen av Noreg i mai 1940, gjekk t.d. to NKP-aviser til åtak på Ap-regjeringa og oppmoda til ikkje å støtte regjeringa sin kamp, og skreiv at dei var medskuldige i at krigen kom til landet. Dei fordømde den militære motstanden fordi dei meinte motstandskampen tente den britiske imperialismen. Etter krigen vart fleire av dei som ville stoppe den væpna motstandskampen, dømde for landssvik, mellom anna redaktøren for NKP-avisa i Bergen. Linja for væpna motstandskamp og sabotasjekrig stod mot dei antimilitaristiske og pasifistiske rørslene («det brukne gevær») frå før krigen. Dette er viktige historiske erfaringar Raudt og heile venstresida må lære av.

Det er særleg viktig i ei tid der ytre høgre og fascismen styrkjer seg på kostnad av demokratiske krefter, og der sikkerheitssituasjonen vår er skjerpa. Hugs: «Divided we stand, united we fall», for å vri på eit ordtak.

(Foto: Vanessa Andrea Vågstøl Hilland / Forsvaret)