For omfordeling i Vestland

I Vestland fylkesting sitt desembermøte, la Raudt fram eit eige budsjettframlegg for radikal omfordeling i fylket.

Raudt Vestland har lagt posisjonspartia sitt budsjett til grunn, og auka ramma med om lag 400 millionar ved å redusere driftsoverskotet.

I ei tid der ulikheitene aukar i ekstremt tempo og innbyggarane våre slit med å betale for mat, straum og andre basale utgifter, må fylkeskommunen sine kjerneoppgåver styrkast og gjerast tilgjengelege! Vi legg også til grunn at regjeringa kjem med kompensasjon for den ekstreme prisutviklinga på 2,1 %, som for fylkeskommunen ville bety 230 millionar meir i statlege overføringar.

I vårt forslag har vi vist korleis fylkesbudsjettet kunne ha sett ut om Raudt fekk påverke, med 150 millonar meir på samferdsle, derav 95 millionar til billegare busstakstar og 5 millionar til utgreing av kollektivtrafikk i eigenregi, 167 millionar til kultur og folkehelse, herunder 60 millionar til reduksjon av eigendelar på tannhelse for alle med inntekt under 2 G. Raudt vil styrke laget rundt eleven med 64 millionar til opplæring. Vi foreslår å styrke opplæring og kompetanse med 20 millionar til fleire kontaktlærarar og 5 millionar til psykisk helseteneste. Raudt foreslår vidare å bruke 15 millionar på arbeidslivstiltak, der 10 millionar er tiltenkt pilot for 6-timersdag innan reinhald i fylkesbygget. Vi ville også sette av 1 million til arbeidsmarkedsbedriften Beredt AS som fylkeskommunen eig, til tenesteutvikling og vidareføre deira drift av kantina i det nye fylkeshuset.
Raudt sine budsjettmerknader: https://drive.google.com/file/d/1BAcqyeyNSZFtK4IY7uBqyO-_-MsKvyLC/view?usp=sharing
Raudt sitt alternative budsjett:
https://drive.google.com/file/d/1bUr0SjOkUh-GHwQJelbLx2dKIW5cDKCi/view?usp=share_link
Raudt sine verbalframlegg i Fylkestinget sitt desembermøte: https://drive.google.com/drive/folders/1cUcQc-fJWKBfSJhqzROySUBACQDHqIIh