Ja til flaumsikring - nei til kraftverk i Opovassdraget
Fylkesstyret i Raudt Hordaland gir full støtte til det folkelege engasjementet i Indre Hardanger for å flaumsikre Opovassdraget utan kraftverk.
Etter storflaumen i Odda i oktober 2014, har NVE i samarbeid med Odda kommune gjort ei rekkje tiltak for å rydde opp og sikre deler av vassdraget. No må NVE få løyvd ekstramidlar av Stortinget til å fullføre varig flomsikring. Å overlate dette til SKL gjennom eit kraftverk, vil øydeleggje elva for all framtid.
Fylkesstyret vil oppmode både Raudt og dei andre partia på Stortinget til å fullfinansiere flaumsikring av Opo-vassdraget seinast i statsbudsjettet for 2019.
Denne fråsegna vart vedteken av fylkesstyret i Raudt 21.04.18, og stod på trykk i Hardanger folkeblad 25.04.18.