Bli med på raud fagleg offensiv i stortingsvalkampen!
Møt toppkandidatane i Raudt Hordaland og fagleg engasjerte Raudt-folk til fagleg konferanse i Bergen laurdag 23. august.
Fagleg-politisk utval i Raudt Hordaland inviterer medlemar i Raudt og andre som er aktive eller interesserte i fagrørsla til open fagleg-politisk konferanse i Bergen før stortingsvalet.
TID: Laurdag 23.august kl. 11-17
STAD: Bystyresalen i Gamle Rådhus i Bergen.
Adresse Rådstuplassen 1. Her er kart: https://maps.app.goo.gl/CVo4Y2UpQ4bAUFXu6
Dei som ikkje kan møte fysisk, kan melde seg på og delta digitalt frå heile landet.
Påmeldingsfrist på dette skjemaet seinest 20. august.
Etter konferansen er alle inviterte til å bli med ut og spise ein enkel middag før Fest for Folk Fest – Raudt sin opne, raude fest, som startar på Kvarteret kl. 18.30.
PROGRAM:
1030-1100: Innsjekking, kaffi, frukt og mingling.
1100: Velkomstord ved Mohamed Kallel, leiar i Fagleg-politisk utval i Raudt Hordaland.
1115: Kva har fagrørsla fått gjennomslag for i Stortinget 2021-2025, og kva har Raudt gjort? Politisk rekneskap ved Sofie Marhaug, Raudt sin stortingsrepresentant frå Hordaland og 1. kandidat ved stortingsvalet 2025. Spørsmål og debatt.
1200: Pause
1215: Kva fagleg-politiske initiativ har Raudt tatt i Vestland fylkesting? Innleiing ved Jeanette Syversen , Raudt sin gruppeleiar i Vestland fylkesting og 3. kandidat ved stortingsvalet i Hordaland i 2025.
1300: Pause
1315: Kva er Raudt sine viktigaste valkampsaker for fagrørsla i stortingsvalkampen 2025? Innleiing ved fagleg valkampsekretær i Raudt, Boye Ullmann. Spørsmål og debatt.
Raudt Hordaland 1
1400: Enkel lunsj
1430: Korleis få arbeidarungdom, yrkesfagelevar og lærlingar til å røyste Raudt og bli med i fagleg-politisk arbeid? Innleiingar ved Petter Solvi, tidlegare fagleg ungdomssekretær i LO Vestland og Camilla K. Karlsen, styremedlem i HK Ung i Vestland. Spørsmål og diskusjon.
1530: Pause
1545: Korleis få arbeidsfolk til å nytte røysteretten og få dei til å røyste Raudt og sikre eit fortsatt raud-grønt fleirtal i innspurten av stortingsvalkampen fram til 8. september? Innleiing ved Terje Kollbotn, LO-veteran frå Odda og Raudt Hordaland sin 2. kandidat ved stortingsvalet 2025. Spørsmål og diskusjon.
1645: Oppsummering og avslutning.
Praktiske opplysningar:
Alle må fylle ut påmeldingsskjema her. Dei som skal delta digitalt, vil få tilsendt møtelink to dagar før møtet.
Dei som skal delta fysisk, må krysse av for om ein og skal delta på fellesmiddag kl. 17.00 og på Fest For Folk Flest kl. 18.30.
Eigendel for dei som deltek fysisk: Kr. 100. Reisegodtgjersle i Hordaland vil bli dekka gjennom reiserekning og bilag.