Interpellasjon til fylkestinget: Fagforeningsknusing på Sotra

Denne interpellasjonen blir fremma på møtet i Hordaland fylkesting 12. - 13. juni 2018.

I seinare tid har det i media, m.a. i NRK Hordaland 2.juni, vore avdekka grove forsøk på fagforeiningsknusing på Sotra i Hordaland. Fylkespolitikarar som er opptekne av eit seriøst og organisert arbeidsliv, kan ikkje akseptere at velkvalifiserte fagorganiserte blir nekta jobb på grunn av at dei er fagorganiserte.

I fjor haust streika 80 LO-organiserte i forbundet NNN ved Norse Production i Sund kommune for den lovfesta retten til å inngå tariffavtale med arbeidsgjevar. Etter vel fire veker streik, som fekk stor merksemd og støtte frå heile landet, måtte leiinga ved Norse Production gje etter og tariffavtale vart inngått ved verksemda.Avtalen vart likevel ikkje respektert av leiinga.

I april i år slo leiinga ved Norse Production verksemda konkurs. Dei la skulda på dei fagorganiserte. Dei hevda m.a. at eit krav om etterbetaling av for lite utbetalt overtid hadde velta grunnlaget for vidare drift.

Like etter vart Sund Laksepakkeri ertablert på Skaganeset, med same eigar av anlegget, Sekkingstad AS. Ingen av dei fagorganiserte ved Norse Production fekk jobb i det nystifta Sund Laksepakkeri. Arbeidsmiljølova § 14-2 gir tilsette i konkursråka verksemder fortrinnsrett i nyoppretta verksemd som driv vidare med same aktivitet og same stad, slik tilfelle er for Sund Laksepakkeri.

Dette er eit uvanleg grovt døme på brot på forbodet mot diskriminering grunna medlemsskap i ei fagforening. Dette er fagforeningsfientleg. Samstundes skriv lokalavisa Vestnytt at 50 tidlegare Norse-tilsette som var uorganiserte, har fått ny jobb på same staden for same kunde, men for nye eigarar. I tillegg leigar det nye selskapet inn ca. 20 mellombels tilsette frå bemanningselskapet Eterni for å gjere dei same jobbane som vart utført av fagorganiserte i Norse Production.

På denne bakgrunnen vil eg invitere fylkesordføraren til å kommentere denne saka i Hordaland fylkesting. Meiner fylkesordføraren at utviklinga ved Sund Laksepakkeri (tidlegare Norse Production) på Sotra er uakseptabel utifrå prinsippa om eit seriøst og organisert arbeidsliv? Og kva vil fylkesordføraren i so fall gjere for å medverke til ei løysing i saka? Og kva meiner fylkesordføraren bør gjerast for å forhindre denne typen konkursrytteri og fagforeningsfientleg verksemd i Hordaland og resten av landet i framtida?

Terje Kollbotn (fylkestingsrepresentant for Raudt Hordaland)