Er du vår valkampkoordinator?
Vil du vere sentral i arbeidet med å sikre mandat frå Hordaland i Stortingsvalet 2025? Då er kanskje vervet som valkampkoordinator noko for deg.
Raudt skal vise at vi er komne for å bli ved valet i 2025. For Hordaland gjeld det å bevare mandatet vi alt har og arbeide for å få inn nok ein person frå Hordaland på Stortinget. Skal vi klare det, treng vi rett person til å koordinere arbeidet. Dette er ein unik moglegheit til å sette ditt preg på valkampen, arbeide saman med dyktige og dedikerte kandidatar og å arbeide tett med leiinga i partiet, både lokalt og nasjonalt.
Rolla som valkampkoordinator er eit ulønna verv med funksjonstid frå desember 2024 til etter valet i 2025. Rolla vert støtta opp av tilsett regionssekretær og Distriktsstyret i heile perioden.
Valkampkoordinatoren vil ha desse oppgåvene opp mot Raudt sentralt:
- Vere tilgjengeleg på telefon for akutte beskjedar og vere med på felles samlingar med dei andre valkampkoordinatorane i landet.
- Bringe vidare informasjon og oppdateringar fra Raudt sentralt ut i organisasjonen
- Ha ein generell oversikt over korleis det går med valkampen i Hordaland
Valkampkoordinatoren vil ha desse opppgåvene opp mot valdistriktet:
- Ha god kontakt med distriktsstyret, stille i deira møter, holde orden i beskjeder og delegere oppgåver.
- Vere med i lokalt valkamputval.
Valkampkoordinatoren vil ha desse oppgåvene opp mot lokallag:
- Inspirere og motivere lokallag til tidanes beste valkamp.
- Sørge for å spreire informasjon frå sentralt.
- Sørge for at informasjon og erfaringar vert delt mellom lokallaga.
Raudt sentralt tilbyr dette til valkampkoordinatoren:
- Felles nett-møter med det sentrale valkampkontoret og dei andre valkampkoordinatorane på kveldstid annakvar veke frå og med januar.
- Møta vil variere mellom kortare møte på 45 minutter og litt lengre på maks 90 minutter for erfaringsutveksling.
- Skulering utanom ordinær arbeidstid i Raudt sine prioriterte saker, korleis lage ein valkampstrategi, og korleis motivere valkampaktivister.
- Felles helgeseminar i Oslo i desember.
Er dette noko for deg? Send ein epost til hordaland@roedt.no så snart som råd, og seinast 29. september. Lurer du på noko om rolla, så ta kontakt med regionssekretær Per Arne Flatberg, per.arne@roedt.no eller telefon 911 688 22