Eit talerør for arbeidsfolk

På helgas nominasjonsmøte vart Jeanette Syvertsen einstemmig vald som listetopp for Raudt Hordaland til stortingsvalet. Med seg på topp har ho Sofie Marhaug frå Bergen, Terje Kollbotn frå Odda og ungdomskandidat Eirik Wichstad frå Bergen.

Syversen jobbar til dagleg som produksjons-/renserimedarbeidar i Nor Tekstil, og har erfaring frå fagrørsla, både som tilsett og som tillitsvalgt. Ho har eit sterkt internasjonalt engasjement og har blant anna vore på brigade i El Salvador. Andre stikkord er kvinnekamp, betre rettar for flyktningar og asylsøkjarar og kamp for eit mangfaldig og eit inkluderande samfunn. 
 
- Eg takker ærbødig for tilliten eg er vist frå Raudt Hordaland sitt nominasjonsmøte i dag, og vil samstundes nytte høvet til å gratulera dei fem engasjerte og flinke toppkandidatane eg får med meg inn i den kommmande valkampen. Saman skal vi vise at Raudt er partiet som verkeleg kjempar for arbeidsfolk flest!

Som småbornsmamma, med fulltidsstilling i et vaskeri lovar ho at ho skal gje vanlege arbeidsfolk eit talerør inn mot Stortinget og makta. Ei stemme til ho og til Raudt er ei stemme for ein kompromisslaus kamp for proffittfri velferd, mot privatisering og sal av krafta vår og mot dei stadig aukande forskjellane mellom fattig og rik. Sist men ikkje minst for genuin godhet og solidaritet som grunnpilar for asyl-/innvandringspolitikken i Norge!

Vi gratulerar både Jeanette og dei andre listetoppane i Hordaland, og ser fram til eit spennande valår!