Ein ny finansieringsmodell for sjukehusa – Sjukehus er politikk, ikkje butikk!

Årsmøtet i Raudt Hordaland vedtok denne fråsegna på sitt årsmøte 14. og 15. mars 2026.

Det er behov for grunnleggjande endringar i norsk sjukehuspolitikk. Stoltenberg 1-regjeringa vedtok helseforetaksmodellen i 2001, ein forretningsmodell for organisering og drift av sjukehusa, med full støtte frå Høgre og FrP. Denne forretningsmodellen held på å gjere dei offentlege sjukehusa til gjeldsslavar gjennom tyngande investeringar, der dyre renter og avdrag må betalast over ei underfinansiert drift. Dette rammar pasienttilbodet og fører til bemanningskrise, rekrutteringskrise, tillitskrise og sentralisering og nedbygging av offentlege sjukehustenester over heile landet. Samstundes blir nye sjukehusbygg ofte bygde altfor små og utan naudsynte fasilitetar for pasientar, tilsette og pårørande.

Regjeringa har sett ned eit helsereformutval som har mandat til å kome med forslag til ny finansieringsmodell for sjukehus. 12. februar vedtok Stortinget å be regjeringa om å utgreie alternative modellar for å skilje investeringar og drift.

I den vidare kampen for eit sterkt offentleg sjukehus- og helsevesen, vil Raudt halde fast på vår grunnleggjande politikk for folkevald styring:

  • Det må innførast eit tydeleg skilje mellom investeringar og drift i budsjett og rekneskap på sjukehusa. Dette er heilt naudsynt for å gå vekk frå marknadsstyringa.
  • Sjukehusinvesteringar skal ikkje gå på bekostning av drifta av sjukehusa.
  • Både tilstrekkelege midlar til sjukehusdrift og til investeringar til sjukehusbygg må i sin heilskap fullfinansierast over statsbudsjettet.
  • Rekneskapslova, tilpassa bedriftsøkonomiske kalkylar og ein forretningsmodell for avkastning på kapital i næringslivet, må bytast ut med eit system som passar for politisk styring av offentlege helsetenester, slik som kommunale budsjett- og rekneskapssystem gjer. Det viser «meirforbruk» eller «mindreforbruk» i drift ut frå behov og budsjett, og gir i investeringsrekneskapen oversikt over investeringsbehova framover.

Samstundes vil Raudt kjempe vidare på Stortinget i lag med sjukehusaktivistar, fagrørsla i og utanfor LO og andre parti for å avvikle helseføretaksmodellen og erstatte han med ei ny forvaltingslov for spesialisthelsetenesta, slik at sjukehusa blir organiserte som offentlege forvaltingsorgan, ikkje bedriftsøkonomiske føretak. Ei sterk offentleg helseteneste er ein føresetnad for likeverdige og trygge helsetenester over heile landet. Sjukehusdrift er politikk – ikkje butikk!