Ei gulrot for nokre få

Dette innlegget blei skreven som eit svar til Transport økonomisk institutt som har framlegg om at det skal koste meir å reisa kollektivt i rushtida i Hordaland. Innlegget stod på trykk i BT 29.10.2015

Transportøkonomisk Institutt ønskjer at fleire skal reise kollektivt, og for å få til dette har dei i sin rapport eit framlegg om auka billettprisar i rushtida.

Dei hevdar at auka billettprisar ikkje er målet, men TØI er ikkje i nærleiken av å treffe målet.
Dette vil ramme folk som skal på jobb og skule, ikkje minst dei som pendlar frå omegnskommunane. Det vil óg svekka verknaden av køprisinga som blir innført frå 1.1.2016. For at auka bompengar i morgon- og ettermiddagsrushet skal ha ei hensikt, bør ein heller redusera kollektivprisane slik at folk sparar på å reise kollektivt.

Folk flest jobbar ikkje fleksitid, og elevar/studetar kan ikkje avgjere når dagen deira startar, difor kan dei ikkje velgje når dei vil reise til jobb eller skule. Det held heller ikkje at TØI vil kompensera med lågare prisar på dag- og kveldstid. For mange finns det ikkje bussalternativ slik situasjonen er i dag, og gulrota TØI snakkar om gjeld difor kun nokre heldige.

Eit godt og rimeleg tilbod er naudsynt for at folk skal la bilen stå, og kollektivtilbodet bør vere ein naturleg konsekvens av ein villa miljøretta samferdslepolitikk.

Solbjørg Marjala, Raudt Hordaland