Digitalt årsmøte

Pga. koronasituasjonen måtte Raudt Hordaland utsette årsmøtet som skulle ha vore arrangert i mars. Det er med glede vi no kan melde at ny dato for årsmøte er på plass. Dimed er det duka for eit digitalt årsmøte torsdag 14. mars.

Torsdag 14. mai inviterer vi til tidenes fyrste digitale årsmøte i regi av Raudt Hordaland. Møtet finn stad mellom kl. 18 og 20, og vi vil handsame ei noko forkorta saksliste pga. den digitale plattformen.

Det er framleis delegatar frå lokallaga som har stemmerett ved årsmøtet. Delegatnøkkel annonsert før opphavleg årsmøte gjeld framleis og tidlegare påmeldte delegatar er framleis påmeldte. Om du er vald som delegat men ser at du ikkje har høve til å stille på den nye datoen, meld frå til Raudt Hordaland på hordaland@raudt.no seinast 7. mai. Hugs også å gi beskjed til din lokallagsleiar slik at laget kan velje ny delegat om de ikkje har meldt inn varadelegat.

Føreslag til saksliste for årsmøte:

1-20 Godkjenning av innkalling, saksliste, dagsorden og forretningsorden

2-20 Val av ordstyrarar og referent

3-20 Val av protokollunderskrivarar

4-20 Årsmelding 2019

5-20 Rekneskap 2019

6-20 Handlingsplan 2020

7-20 Budsjett 2020

8-20 Val av nytt styre og samordningsstyre

Her kan du lese sakspapira.

Merk at frist for å stille føreslag til alle saker er 7. mai. Det skal kome fram kva sak føreslaget er til, kva type føreslag det er, kven som fremjer det og kva lag vedkommande er frå. Dersom det er linenummer i den aktuelle saka skal ein vise til linenummeret. Bruk dette skjemaet her for å sende inn føreslag.

Vi bruker den digitale møteplattformen Zoom. Delegatar får tilsendt lenke til møterommet like før møtestart. Les deg gjerne opp på bruken av plattformen om du ikkje har brukt den før: https://roedt.no/delta-pa-zoom

Vi ser fram til å sjå dykk (digitalt) og ikkje nøl med å ta kontakt om du har spørsmål i forkant!

Hjarteleg helsing frå styret i Raudt Hordaland