Nei til sjødeponi i Sørfjorden og Veafjorden

Dei siste åra har det vore mykje debatt rundt dumping av gruveslam i fjordar og sjødeponi. No har denne debatten nådd Hordaland. Stod også på trykk i avisa Hordaland 31. august 2018

Overskotsmassar frå om lag 30 kilometer veg og 28 kilometer jernbane mellom Arna og Stanghelle - som i stor grad vert bygga i tunell - står i fare for å verta dumpa i fjorden mellom Osterøy og Vaksdal.

Fordi det er meir kostnadseffektivt enn å transportere steinen til eit landdeponi eller til bruk på land.

Statens vegvesen har meldt at dei helst ynskjer at steinmassane som vert resultatet av veg- og jernbanebygginga skal nyttast til samfunnsnyttige føremål, men saka er vanskeleg fordi samferdselsministeren har sagt nei grunna auka transportkostnader ved ei slik løysing. I sommar har Statens vegvesen og Bane Nor hatt saka ute på høyring.

Bergen kommune si høyringsfråsegn åtvarar mot dumping av steinmassane i Grimevatnet pga. omsyn til Nesttunvassdraget. Men ei løysing med dumping i dei aktuelle fjordane er heller inga berekraftig løysing. Området er ein nasjonal laksefjord og eit viktig gyteområde for torsken. Å øydelegge livet på botnen i fleire hundre år, og risikere at faunaen aldri kjem attende, kan ikkje vere løysinga berre fordi det er meir kostnadseffektivt.

Raudt krev at steinmassane frå dette samferdselsprosjektet vert handsama på ein miljøvenleg, berekraftig måte, og at planane om dumping i fjorden vert skrinlagt for godt.

Jeanette Syversen, leiar i Raudt Bergen og Magne Hagesæter, leiar i Raudt Hordaland