Bymiljøavtalen bommar

Byvekstavtalen vart i dag tatt opp på ekstraordinært fylkesting i Vestland fylke. Våre representantar Jeanette Syversen og Ingeborg Hordvik var tilstades og la fram Raudt sin syn i saka.

Fylkestingsrepresentant Jeanette Onarheim Syversen

Alt i alt er Raudt positiv til mykje av det som ligg i byvekstavtalen, vi røysta likevel primært for eigne alternative framlegg i dagens fylkesting, og ikkje for posisjonens innstilling (det var uansett fleirtal for den innstillinga).

Raudt stemte for 100% statleg finansiering av Bybanen da byvekstavtalen vart behandla i Stortinget i 2017. Vi har og arbeidd for å fjerne ytre bomring, då vi meiner det er eit meir rettferdig og effektivt miljøtiltak å satse på hyppigare og billigare kollektivtrafikk! Hyppighet og pris i kollektivtrafikken, og geografisk utstrekning påverkar sjansane for å oppretthalde nullvekstmålet. På sikt bør vi gå inn for å redusere biltrafikken.

Difor meiner Raudt at det ikkje kan leggast til grunn at privatbilisme skal finansiere bybaneutbygging, via bompengefinansiering. Vi krev at staten kjem på bana med fullfinansiering av infrastruktur og kollektivsatsing.

Det er dessutan ikkje bompengar som gir størst reduksjon i privatbilisme, men økte kollektivavgangar og her bør storbykommunen Bergen og dei omkringliggande kommunane sjå til Fredrikstad, for å setje i gong tiltak med gratisbusser. Dette vil kunne gje radikalt raskare reduksjon av privatbilisme, køreduksjon og såleis større positiv klimaeffekt, enn bomring. Dessutan er ei styrking av kollektivtrafikken og reduksjon i pris ein sosialt utjamnande og rettferdig samferdsle og klimapolitikk.

Her kan du lese huvedinnhaldet i innelgget fra Jeanette Syversen fra talerstolen på fylkestinget:

Raudt Vestland alternative framlegg:

"Primært

1. Fylkestinget vedtar ikkje sluttforhandla byvekstavtale for Bergensområdet for perioden 2019–2029.

2. Fylkestinget aksepterer ikkje dei økonomiske rammene for avtalen. Fylkestinget krev at store, heilt naudsynte samferdselsprosjekt som bybanen blir fullfinansiert av staten. Bompengeforliket hadde i utgangspunktet nokre positive sider, men i den avtalen som har blitt forhandla fram, blir det likevel ikkje opna for at dei økte, statlege midlane kan nyttast til byggetrinn 5 Åsane. Framleis er planane tufta på inntekter frå bompengar – som i sin tur føreseier privatbilisme som er oppretthalde på dagens nivå. Dette er ikkje klima- og miljøvennleg, og det er ansvarsfråskriving frå regjeringa.

3. Fylkestinget er uroa over kollektivdekninga elles i fylket. Krav om reduserte kollektivpriser er i utgangspunktet positivt, men fylkestinget fryktar at kollektivtilbodet kan bli skadelidande med tanke på frekvensen og den geografiske utstrekninga. Det er fint med påskjønningsmidlar, men fylkestinget skulle ønske at eit omfattande og frekventert kollektivtilbod òg hadde blitt påskjønna. Då fylket handsama budsjettet i fjor, fremja rådmannen kraftige kutt i kollektivtilbodet. Fylkestinget ønskjer at staten i større grad skal komme på banen for å sikre god kollektivdekning òg der bybanen ikkje strekk til. Dette er særleg viktig for utkanten av og kommunane rundt Bergen, og for å sikre eit alternativ til privatbilisme – i områder der motstanden mot bompengar er stor. Bygging av bybanen, anna kollektivutbygging og naudsynt infrastruktur fylkesvegar, riksvegar og stamvegar må̊ dekkast over den ordinære skattepolitikken og statsbudsjettet, ikkje gjennom bompengar som ein usosial ekstraskatt. Fylkestinget uttrykkjer også ei forventning om at finansieringa av bybanen byggetrinn 5 til Åsane vert sikra gjennom 100 % statleg finansiering i neste NTP (2022-2033)

4. Fylkestinget peikar på at takstsamarbeidet òg bør gjelde for snøggbåtar. Særleg mellom Bergen og Nordhordland er det mogleg å avlaste biltrafikken med eit betre integrert kollektivnett til havs. Fylkestinget vil dessutan arbeide for at det blir oppretta snøggbåt mellom Bergen og Ågotnes (Øygarden kommune). Av trafikksikkerhet og miljøomsyn går Fylkestinget også inn for prioritering av E39 Vågsbotn-Klauvaneset i steden for E39 ringvei Øst Arna-Vågsbotn i NTP 2022-2033. "

Du kan skå innlegget frå talarstolen her:

Fylkestingsrepresentant Jeanette Syversen