Ja til framleis demokratisk kontroll over Bergensbanen og Vossebanen!
2019 blir eit avgjerande år for norsk jernbanepolitikk generelt og Bergensbanen og Vossebanen spesielt. Fråsegna vart stemt ned i fylkestinget.
Stortinget skal ta stilling til EU sin jernbanebakke IV, som inneheld krav om liberalisering/
konkurranseutsetjing av all persontrafikk på skinner. Om Stortinget ikkje reserverer seg mot dette
EU-direktivet, vil anbod bli obligatorisk innan denne sektoren i Norge. I denne konkurransa, der
store internasjonale selskap fritt kan delta, vil både løns- og arbeidsvilkår, pensjonsordningar for dei
tilsette, gode rabattordningar for reisande og rutetider og –tilbod kome under press.
I fjor haust tildelte Jernbanedirektoratet drifta av Sørlandsbanen til det engelske selskapet Go-Ahead,
som hadde det dårlegaste tilbodet på kvalitet.
No står Bergensbanen og Vossabanen i fare for å få forringa togtilbodet. Jernbanedirektoratet har
sendt ut ein tilbodsforespurnad for trafikkpakke 3 Vest, dvs. strekningane Oslo S-Bergen, Bergen-
Voss-Myrdal og Bergen-Arna. Mellom dei som alt har vist interesse, er det kinesiske MTR, det franske
Keolis og det engelske Go-Ahead. Om ikkje denne konkurransa blir avlyst, vil tildelinga av kontrakt
på minimum 9 år skje i løpet av 2019, med oppstart i løpet av 2020.
Hordaland fylkesting er bekymra for denne utviklinga. Etter vårt syn må norske styresmakter sjøl
avgjere om offentleg eigde jernbanestrekningar skal ut på anbod eller ikkje. Å låse ein bestemt
jernbanepolitikk gjennom EUs jernbanepakke IV for all framtid, vil vere i strid med grunnleggjande
demokratiske prinsipp.
Hordaland fylkesting ynskjer å forsvare og styrke Bergensbanen og Vossebanen. Her manglar det
ikkje på konkurranse, men midlar til oppgradering og forbetring. Om vi verkeleg ynskjer eit grønt
skifte, er vi avhengig av å få både privatbilisme og godstrafikk over på skinner. Ressursane i norsk
jernbanepolitikk bør i fyrste rekkje prioriterast til formål som sikra auka kapasitet og betre
infrastruktur – ikkje internasjonale anbodskonkurransar.
Forslagstillar: Jeanette Syversen (Raudt)
Denne fråsegna blir fremma i fylkestinget i Hordaland 5. mars 2019.
Følg gjerne med på Fylkestinget på Nett-tv frå kl 10.00!