Bergen hamn må regionaliserast - ikkje desentraliserast

Årsmøtet i Raudt Hordaland vedtok denne fråsegna på sitt årsmøte 14. og 15. mars 2026.

Årsmøtet i Raudt Hordaland uttrykkjer sterk uro for forslaget om å flytte delar av Bergen Hamn si verksemd til Ågotnes, noko som i praksis tyder ei oppsplitting og desentralisering av hamna som vil skape eit A- og B-lag av hamnetilsette. Ei slik oppsplitting vil svekkje både arbeidsvilkår og miljøambisjonar for hamneaktiviteten i regionen. Raudt Hordaland meiner at hamna må utviklast som ei heilskapleg, moderne og samla hamn – ikkje splittast opp i mindre einingar.

Arbeidstilhøva i og rundt hamna er i dag prega av små aktørar, stor grad av deltid, lausarbeid og krevjande arbeidstidsordningar. Mykje av hamnearbeidet føregår allereie i dag utanfor Dokken. Ytterlegare fragmentering av hamneaktiviteten vil forsterke dette og gjere det vanskelegare å oppnå faste, heile stillingar og trygge arbeidstilhøve. Raudt Hordaland meiner hamneverksemda må organiserast i større og meir solide einingar som gir betre HMS-arbeid, fagleg utvikling og meir stabile arbeidsplassar.

Årsmøtet er òg uroa for svekt politisk kontroll over anløp når skip i aukande grad brukar private kaiar. Dette opnar for at miljøkrav, tryggleiksstandardar og godkjenningsreglar blir omgått. Ei samla hamn i Bergen er naudsynt for å sikre at vi er i stand til å etterleve innseglingsreglane vi set for oss sjølve.

Ei delt hamn vil òg få betydelege miljøkonsekvensar. Når logistikk og anløp blir spreidde på fleire lokasjonar og små aktørar, aukar utsleppa gjennom meir transport, fleire parallelle maskinparkar og mindre moglegheit for elektrifisering og stordriftsfordelar. Ågotnes har ikkje kapasitet til å samle hamnebehovet i regionen, og ei delt løysing risikerer å presse fram ytterlegare inngrep i strandsona og meir gods på veg. Ei samla hamn i Bergensområdet vil derimot gi grunnlag for betre arealutnytting, meir effektive logistikkløysingar og betydelege klimakutt gjennom samordning og elektrifisering.

Nasjonale strategiar har i fleire år peika på behovet for regionalisering og profesjonalisering av hamner, og representantskapet meiner at Bergen Hamn sine eigarar må følgje desse føringane. Oppsplitting og desentralisering bryt med faglege tilrådingar og svekkjer det samla logistikkmiljøet i regionen. I tillegg blir det stilt spørsmål ved om hamna er tilført nok kapital til å møte framtidige behov, særleg etter at store verdiar er overførte til kommunen sine frie midlar. Når hamna står framfor store investeringar i miljø, infrastruktur og modernisering, må lovkravet om «tilstrekkeleg kapital» takast på største alvor.

Derfor krev årsmøtet:

  1. At desentraliseringa og hasteflyttinga til Ågotnes blir stansa.
  2. At Bergen Hamn blir utvikla som ei samla og framtidsretta hamn med kapasitet til behova i regionen.
  3. At all vidare oppsplitting blir stansa, og at flytting ikkje blir gjennomført utan ein heilskapleg og fagleg forankra plan.
  4. At politiske styresmakter sikrar hamna tilstrekkeleg kapital til grøn omstilling, elektrifisering, modernisering og gode arbeidsvilkår.
  5. At hamneverksemda blir organisert slik at offentlege kontrollmekanismar blir styrkte, ikkje svekte, og at faste, trygge arbeidstilhøve blir hovudregelen.