Kampen om Austrheim vidaregåande skule

I dag var Jeanette Onarheim Syversen, 1.kandidat, og Ingeborg Hordvik, 3.kandidat for Raudt Vestland, på besøk på Austrheim vidaregåande skule.

- Dette er ein av mange viktige skular som vi er heilt avhengige av for å ivareta gode og levedyktige distriktssamfunn i fylket, seier Syversen.

Raudt er eit distriktsparti som kjempar for å bevare og styrke skuletilbodet i distrikta. Alle skal ha moglegheit til å gjennomføre skulegang i sitt nærmiljø. Vi ser med frykt på trenden der skular og linjer vert lagt ned i distrikta. Vi meiner det er essensielt at det vidaregåande skuletilbodet blir oppretthalde og styrka, om det skal vere mogleg å leve og bu likeverdig i by og i distrikt.

Desentralisert skoletilbod

Ingeborg Hordvik bur sjølv i Austrheim, og ein av hennar hjartesaker er å sørge for at ungdom i kommunen fortsett skal ha moglegheit til å fullføre sin skulegang i eiga kommune.

- Erfaringar viser at eit desentralisert skuletilbod, gjer at fleire lettare gjennomfører vidaregåande opplæring. Derfor må kampen for dei mindre skulane og mot sentraliseringa halde fram, poengterar Hordvik.

Raudt vil fortsette å kjempe for gode økonomiske rammer for Austrheim vgs, slik at skulen kan vere ein ressurs for lokalsamfunnet i Nordhordland. Vi vil sende ein stor takk til assisterande rektor Sigbjørn Tresvik for vam velkomst og lærerik omvising på skulen, i verkstaden og på kjøkkenet.

- Vi skal kjempe for å få attende matfag til Austrheim, de fortener ein nyopprusta skule, konkluderer Hordvik.

Budsjettspørsmål

4.juni deltok Jeanette Onarheim Syversen, Raudt Vestland sin 1.kandidat, på møte i komité for opplæring og helse. Der stilte ho spørsmål om kva samanslåinga av Hordaland og Sogn og Fjordane vil tyde for framtidige nedskjeringar i midlar til vidaregåande skular. Bekymringa til Raudt har den siste tida auka på dette punktet, etter nyhenda om at fylkessamanslåinga vil gå med 400 millionar kroner i underskot. Eit konkret svar var vanskeleg å få, men det blei lova at det ikkje er planlagd kutt eller nedleggingar utover det som allereie er kjend. Men alt avheng av kva som blir prioritert av Fellesnemnda neste veke (18. juni).

Arbeidar for å styrke velferda

Raudt arbeider for desentralisering av makt og styrking av velferda. Eit styrka lokaldemokrati er viktig for at alle skal ha moglegheit til å delta i samfunnsdebatten, og vere med å forme det samfunnet vi ynskjer å ha. Å legge ned linjer og heile vidaregåande skular er ei farleg sentraliseringstrend, som gjer det stadig vanskelegare å leve og bu i distrikta.

- Raudt kjempar for desentralisert velferd, inkludert skuletilbod, slik at alle har like rettar og moglegheiter uavhengig av geografiske rammer. Vi ser med bekymring på konsekvensane regionreforma kan få for distrikta. Ny skule i Austrheim er lova, men det er behov for at det blir prioritert i budsjetta, og det skal vi i Raudt støtte og kjempe for i komande periode! Før dette er på plass, er det avgjerande at vi sørger for at alle linjer ved Austrheim vidaregåande skule blir opprettheldt, slik at ungdommen får lov å ta den utdanninga dei sjølv ynskjer i eiga nærmiljø, avsluttar Syversen.