Auka prisar - auka forskjellar

Frå i morgon, 1. februar, aukar prisane på kollektivtransport (rett nok berre med 2,5%) og vi får tidsdifferiensierte bompengar i Bergen. Kvar vart det av kollektivsatsinga til Hordaland fylkeskommune?

Raudt vil innføre færre soner i fylket og reversere prisaukinga som vart innført 1. februar 2015, og fremja framlegg om null-auke i kollektivprisane på fylkestingsmøtet i desember. Dette vart diverre nedstemt.

Vi kjem sjølvsagt til å jobbe vidare med dette, og ønskjer vidare ei prøveordning med gratis kollektivtransport, og kjem til å fremja forslage tiløpet av perioda. På sikt ønskjer vi gratis kollektivtransport.

Både auka kollektivprisar og tidsdifferensierte bompengar går ut over dei som allereie slit med å få endane til å møtes, og sjølv om Skyss skryt av mange fleire avgangar hjelp dette lite når dei som bur slik at dei er avhengig av fleire bussar framleis ikkje har alternativ til dei få bussane som går etter rushtida. Det er ikkje alle som har eit val om når dei kan reise til jobb, og difor slår dette skeivt ut. 

Raudt kjem til å halde fram å jobba for eit betre kollektivtilbod i fylket vårt.