Årsmøte Raudt Hordaland 2022

Hald av helga 12.-13. mars - då er det duka for årsmøte i Raudt Hordaland!

ÅRSMØTE RAUDT HORDALAND 2022

Tid: 12.-13. mars
Stad: Nygård skole i Bergen sentrum

2021 blei året vi sprengde sperregrensa og fekk inn Raudt Hordaland si eiga Sofie Marhaug på Stortinget. Kva vil 2022 ha å by på?

På årsmøtet skal vi sjå attende på førre år og godkjenne årsmelding og budsjett, og ikkje minst legge planar for året som kjem. Kva for politiske saker skal vi prioritere? Kva for organisatoriske grep skal vi satse på for å bygge rørsla vår vidare? Har du tips til eit kurs vi burde halde, ein plass vi burde stifte lag eller framlegg til dyktige folk som burde veljast inn i styret? Då er årsmøtet staden for å frame desse framlegga!

Utfyllande informasjon kjem etter kvart, både her og på epost til medlemmane. Det vert bestemt når det nærmar seg om møtet blir fysisk, digitalt, eller både fysisk og digitalt. Enn så lenge: hald av datoen - dette blir bra!

På årsmøtet i Raudt Hordaland stiller alle lokallag med eit antal delegatar som er bestemt etter medlemstal. Følg med på info frå ditt lag dersom du ynskjer å delta som delegat. Medlemmar frå kommunar utan lag vil få høve til å stille som observatørar. Dersom årsmøtet blir halde digitalt kan også andre medlemmar få høve til å observera møtet.

Spørsmål?

Ta kontakt med Frank Mo på epost hordaland@raudt.no eller tlf 45859477.

Valnemda i år er: Daniel Ducrocq, Åsne Hagen, Hanne Indrehus og Mohamed Kallel. Har du innspel og framlegg til kandidatar kan du kontakte dei på dducrocq@broadpark.no eller hordaland@raudt.no

Det skal velgjast:

  • Distriktsstyre, inkl. arbeidsutval
  • Raudt Hordaland sine representantar i
    • Samordningsstyret for Raudt Vestland
    • Nominasjonskomité fylkestingsvalet 2023
    • Programnemnd fylkestingsvalet 2023
    • Strategiutval
  • Revisor
  • Valkomité 2023