Årsmøte i Raudt Hordaland 2021
Raudt Hordaland sitt årsmøte blir i år gjennomført digitalt, laurdag 20. mars. Dagen etter inviterer vi også alle medlemmar til digitalt valkampseminar.
Raudt Hordaland inviterer til årsmøte, laurdag 20. mars kl. 12-17. Møtet blir i år gjennmført digitalt via Zoom og MyMeet. Valde delegatar frå laga har røysterett på møtet. Medlemmar utan lag kan stille som observatørar.
Viktige fristar:
- Frist for å melde inn nye saker til årsmøtet er 26. februar (sendast til mailiss@raudt.no)
- Frist for å kome med framlegg til ordinære saker er 13. mars (skal leverast direkte i MyMeet)
- Påmeldingsfrist for delegatar og observatørar er 13. mars (sendast til mailiss@raudt.no)
Har du innspel til valkomiteen som skal innstille på nytt styre kan du sende det inn via dette skjemaet her . Førebels frist for å kome med innspel er 15. februar.
Hold også av dagen etter, søndag 21. mars. Då inviterer vi nemleg alle medlemmer til eit digitalt valkampseminar. Før seminarstart blir det også kvinnesamling. Så hold av datoen - meir informasjon kjem!
Kammeratsleg helsing
Styret i Raudt Hordaland