Årsmøte i Raudt Hordaland
Vi ser fram til eit spennande årsmøte med blant anna sak om samanslåing med Sogn og Fjordane, fråsegner om Kvinneklinikken og ACER og sjølvsagt val av nytt styre. Innstillinga frå valkomiteen vil bli lagt fram seinast på årsmøtet.
Årsmøtet til Raudt Hordaland 2018 skal avhaldast sundag 11. mars frå kl 10.00 – 16.00 i auditoriet Vestland på Fylkesbygget, Hordaland fylkeskommune.
Foreløpig saksliste:
1-18 Godkjenning av innkalling, saksliste, dagsorden og forretningsorden
2-18 Val av ordstyrarar og referent
3-18 Val av protokollunderskrivarar og telljekorps
4-18 Årsmelding 2017, inkludert meldingar frå lokallag
5-18 Rekneskap 2017
6-18 Handlingsplan 2018
7-18 Budsjett 2018
8-18 Fylkessamanslåing
a) Vedtak av plan for samanslåing av Raudt Hordaland og Raudt Sogn og Fjordane
b) Val av to personar til koordineringsutvalet for samanslåing (KUS)
c) Val av nominasjonskomitè til fylkestingsvalet 2019
d) Dato for samanslåings- og nominasjonsmøte
9-18 Fråsegner
10-18 Innkomne saker
11-18 Val av nytt styre
12-18 Val av ny valkomite
13-18 Val av revisor
Venleg helsing
Raudt Hordaland/ Daniel Ducrocq, fylkesleiar