AKUTTKIRURGIEN MÅ HALDAST OPPE VED ODDA SJUKEHUS!

Dette brevet vart sendt til fylkesordføraren og alle gruppeleiarane i Hordaland fylkesting, med kopi til fylkesrådmannen.

Onsdag 22.februar skal fylkesutvalet i Hordaland handsame høyringsfråsegn om Odda sjukehus (sak 46/17). I saksutgreiinga står det: «Fylkesrådmannen har ikkje fagleg grunnlag for å uttale seg om akuttkirurgi». I framlegget til vedtak i fire punkt er akuttkirurgi ved Odda sjukehus ikkje nemd med eitt ord.

Dette er mildt sagt oppsiktsvekkande og direkte provoserande ovafor innbyggjarane i Odda sjukehusområde.

Sidan prosjektrapporten for Odda sjukehus vart sendt ut på høyring 13. januar, har det vore ein brei offentleg debatt og eit sterkt engasjement. Spesielt gjeld dette spesielt forslaget frå mindretalet om å avvikle den akuttkirurgiske beredskapen ved Odda sjukehus etter 99 år. Både kirurgane, operasjonsjukepleiaraane, ambulansesjåførane og anna helsepersonell ved Odda sjukehus har levert grundig dokumentasjon om kor livsviktig den akuttkirurgiske beredskapen er ved Odda sjukehus. Det same har ei rekkje innbyggjarar som har fått redda livet takka vere den akuttkirurgiske beredskapen i Odda. Den akuttkirurgiske beredskapen er og avgjerande for å kunne halde oppe anestesi og andre funksjonar som kjenneteiknar eit akuttsjukehus.

I Odda kommunestyre, Ullensvang heradstyre og Jondal kommunestyre har det vore tverrpolitisk og tverrfagleg semje om dette. Det same gjeld i Hardangerrådet og ei rekkje fråsegner frå næringslivet, fagrørsla og ulike brukargrupper i distriktet.

På denne bakgrunn vil eg på det sterkaste oppmode fylkesutvalet den 22. februar og alle partia i fylkestinget om å støtte folkekravet i heile Odda lokalsjukehusområde om å halde oppe den akuttkirurgiske beredskapen ved Odda sjukehus.

Helsing Terje Kollbotn (gruppeleiar Raudt i Hordaland fylkesting)