Meir midlar til flaumsikring i statsbudsjettet for 2019!

Denne fråsegna vart dag einstemmeig vedteke i Hordaland fylkesting. Raudt tok initiativ til fråsegna.

Til regjering og Storting

Dei siste åra har vi stadig oftare opplevd ras og flaum, både her i Hordaland, elles på Vestlandet og i resten av landet.

Dokumentasjonen har aldri vore betre. Klimaendringane har aldri vore tydlegare. Talgrunnlaget har aldri vore meir solid. Ny teknologi har aldri vore meir tilgjengeleg.

Dette har fått store samfunnsmessige konsekvensar, med stengde vegar og øydeleggjing av store verdiar.

Mange innbyggjarar opplever stadig angst og frustrasjon. Eit ukjend tal arbeidsdagar og skuledagar er gått tapt. Sjuketransport og brann- og redningsberedskap blir stadig utfordra.

Det er på tide at regjeringa og Stortinget tar denne utviklinga på enno større alvor. Midlar til ras- og flaumsikringstiltak dei siste åra står ikkje i forhold behovet for snarleg og omfattande sikrings- og beredskapstiltak. Det er utarbeidd konkrete planar over heile landet.

Alt i statsbudsjettet 2019 må øyremerka midlar til ras- og flaumsikring auke monnaleg.

Samstundes må regjeringa og Stortinget utarbeide ein nasjonal, forpliktande plan for sikringingstiltak og beredskap på dette feltet. Dette må prioriterast enno høgare enn nye, store samferdsleprosjekt. Liv og helse har førsteprioritet for Hordaland fylkesting.


Forslagsstillarar:

Terje Kollbotn (Raudt), Benthe Bondhus (SP), Aud Karin Oen (SV), Beate Husa (KrF), Roald Kvamme (AP)