6 timars normalarbeidsdag er likestilling i praksis!

Denne veka skal gruppeleiar for Raudt Vestland, framme følgande interpellasjon i fylkestinget, om 6 timarsarbeidsdag.

Fordelene med 6-timarsdagen er mange. Mange av dei som allereie jobbar deltid, og som ikkje får høgare stilling eller som av ulike årsaker ikkje kan arbeide meir, vil få moglegheit til full lønn. Dette vil gi svært mange eit betre grunnlag for økonomisk sjølvstende og skape eit meir inkluderande arbeidsliv. Tida er inne for å løfte kravet om arbeidstidsreduksjon og seks-timars-dagen, fordi at ved å dele på arbeidet, vil fleire kunne delta i arbeidslivet og leve fullverdige liv med det, over fleire år.

Måndagen før dette fylkestinget var kvinnedagen: 8. mars. I lys av Covid-19 pandemien, er kvinnerørslas krav om 6-timers normalarbeidsdag meir aktuelt en nokon gong! Det er i yrka kor kvinner er overrepresenterte at arbeidsmengda er langt større enn løna. Applausen for den intense innsatsen som er gjort av frontlinje-fagarbeidarane, er ikkje mykje verdt om den ikkje blir følgd opp av konkrete tiltak som kan betre arbeidsforholda. 6-timars normalarbeidstid er eit slikt tiltak.

For hjelpepleiaren, omsorgsarbeidaren, reinhaldsarbeidaren og andre lågtløns-yrker, vil redusert normalarbeidsdag, med full lønskompensasjon, bety betre helse og meir tid til å leve. Det er menneske i typisk slitaryrke som oftast er utsett for belastningslidingar og slitasjeskader, noko som fører til at ein ikkje klarar å opparbeide seg ein anstendig pensjon, når ein ikkje klarar å stå lenge nok i jobb, slik pensjonsreforma legg opp til. Det er dessutan i typiske slitaryrke at mange vert heilt eller delvis uføre, før ein når 62 år. Vi veit mykje om dei positive verknadene 6-timars normalarbeidsdag har hatt for arbeidarane ved Tine Heimdal, som i over 12 år med 6-timars arbeidsdag kunne vise til auka produktivitet, betre helse, trivsel og auka livskvalitet for dei tilsette. Ein vinn-vinn situasjon for arbeidsgjevar, tilsette og staten.

Raudt fremja i Desembertinget 2020 eit verbalframlegg for utreiing av eit prøveprosjekt der 6-timarsdagen blir forsøkt, innan fylkeskommunens reinhald, på ein utvalt skule. Vi sette av 6 millionar i vårt alternative budsjett til det formålet. Vi vil at fylkeskommunen skal gå fremst i utviklinga som ein open og modig arbeidsgjevar. Vi vil med denne interpellasjonen invitere fylkestinget med på å stille seg bak intensjonen i det verbalforslaget.

Eit krav om meir fritid gjennom ein kortare normalarbeidsdag, har vore eit samlande krav for kvinnerørsla i Arbeiderpartiet og jamvel for kvinnene i Høgre heilt sidan 80-talet då kvinnene for alvor gjorde inntog i det norske arbeidslivet. Å dele meir på arbeidet, både profesjonelt og i heimen, er framtidas likestillingspolitikk.

Spørsmål:

  1. Er fylkesordførar samd med Raudt i at Vestland fylkeskommune skal ta ei ledande rolle som arbeidsgjevar i likestillingspolitikken, og ser Fylkesordførar potensialet og fordelane som ligg i 6-timars normalarbeidsdag for tilsette i slitar-yrka og samfunnet elles?
  2. Er fylkesordførar samd i at fagarbeidarar innan lavt løns yrker som til dømes reinhald, fortener meir enn applaus for innsatsen dei har gjort under heile pandemisituasjonen?
  3. Vil fylkesordføraren ta initiativ til å framheve Vestland fylkeskommune som ein open og modig arbeidsgjevar, på vegne av tilsette i reinhaldsseksjonen, ved å løfte fram 6-timars normalarbeidsdag som eit tiltak for å fremje med bestemming på arbeidsplassen og helsefremjande arbeidsmiljø?

Forslag til vedtak:

Vestland fylkesting stiller seg positiv til eit pilotprosjekt for 6-timars arbeidsdag med full lønskompensasjon i Vestland fylkeskommune, både i nord og sør-delen. Fylkestinget ber om at administrasjonen går i dialog med fagforeiningane og vernetenesta, for å velje aktuelle reinhaldsavdelingar, greie ut kostnadar og potensielle innsparingar ved til dømes redusert sjukefråvær. Det vert sett ned eit partssamansett utval som skal arbeide fram ein modell for eit pionerprosjekt for 6-timars normalarbeidsdag, for reinhaldsarbeidarar ved ein utvalt skule i nord og ein i sør-delen av fylket. Pionerprosjektet skal presenterast for det første fylkestinget våren 2022, med sikte på oppstart innan 2023, og skal evaluerast etter eit år.