Gi dyra ei stemme
På same måte som kapitalismen driv rovdrift på både menneske og natur, blir ofte dyr offer for kapitalismen sitt evige jag etter profitt.
I dag er dagen for å gi stemme til nokon av dei som ikkje har ei stemme. For på same måte som kapitalismen driv rovdrift på både menneske og natur, blir ofte dyr offer for kapitalismen sitt evige jag etter profitt. Sidan 1931 har 4. oktober blitt markert som dyra sin dag. I byrjinga var målet å sette fokus på kampen mot utryddingstrua dyr - ein kamp som nesten hundre år seinare er minst like aktuell. Sidan dei fyrste markeringane har dagen vakse til å omfatte alle dyr.
Rødt vil i dag markere dagen ved å sette fokus på nokre av dei tiltaka vi meiner vil sikre betre dyrevelferd for alle dyr.
Styrke rettane til dyr
Rødt meiner at dyr har eigaverdi og skal ha rettar, og at desse rettane må styrkast. Eit viktig tiltak for å bidra til dette, er å flytte veterinærvesenet og ansvaret for dyrevelferdslova frå Mattilsynet under Landbruks- og matdepartementet, til eit nytt Statens dyrevern under Klima- og miljødepartementet.
Ta vare på klima og natur
Verda står midt i ei naturkrise og midt i ei klimakrise. Begge desse problema bidrar til at artar døyr ut, og begge problema er skapt av oss menneske. Med andre ord er det også vi menneske som må ta ansvar for å finne rett medisin mot desse krisene. Rødt jobber for å kutte utslepp lokalt og nasjonalt, og stogge nedbygging av natur.
Sikre god dyrevelferd i landbruket
Rødt jobber for å unngå unaudsynt liding for produksjonsdyr. Vi vil ha ei styrking av dyrevelferda knytt til matproduksjon, mellom anna gjennom å opprette eit eiga dyrevelferdstilskot i landbruket. Vi meiner det er viktig å premiere dei bøndene som investerer i dyrevelferd og som går lengre enn minstekrava i regelverket. Vi jobber sjølvsagt også for å styrke regelverka.
Betre forholda for familiedyr
Mange av oss har hund eller katt eller andre familiedyr. Dei fleste av oss dette gjeld, veit at med eit dyr kjem det ansvar, og gjer det vi kan for at dyra skal leve gode, trygge liv saman med oss. Samstundes veit vi at det diverre er altfor mange som ser på eit familiedyr som bruk-og-kast, og at det er tilfeller der dyr ikkje berre blir behandla dårleg, men også mishandla. Difor jobber Rødt for å sikre dyrepoliti i alle politidistrikt, auke bevilgningane til desse, i tillegg til å heve strafferamma for dyremishandling til 5 år.
Rødt vil også innføre obligatorisk ID-merking av familiedyr, utrede ei ordning for subsidiering av kastrering eller sterilisering av katt, samt forby hold av eksotiske dyr som familiedyr.