Women’s March Bergen 2018

Laurdag 20. januar vart Women's March arrangert i Bergen. Denne oppsummeringa er skreve av Mailiss Solheim.

Foto: Trine Lysholm Hagan

For andre år på rad vart det 20.januar arrangert ein kvinnemarsj i Bergen. Med utspring i USA og Washington i fjor, der menneske verda over marsjerte i protest mot innsettinga av Donald Trump som amerikansk president. Det var ein protest mot Trumps retorikk og politikk, som var og er fiendtleg mot kvinner, likestilling, farga menneske, mot menneskerettigheitar og farleg for klimakampen (for å nemne noko). Eit år etter sit Donald Trump framleis i førarsetet. Han førar framleis same retorikk og politikk. Difor vart Women’s March arrangert enno ein gong, for å fortsette kampen. Dette året med #metoo og kvinner sin rettssikkerheit som hovudtema. I Bergen marsjerte om lag 400 personar gjennom sentrum, med slagord som «1-2-3-4 – we won’t take it anymore».

#Metoo har rysta den vestlege verda, der skandale på skandale har rulla ut i media, og menn i høge posisjonar, både i kulturen og politikken, har måtte stå til rette for sine kvinnefiendtlege haldningar og seksuelle trakassering. Under årets Women’s March Bergen (WMB) fekk vi høyre appellar frå ulike stemmer og ulike vinklingar. For #metoo rammar ikkje berre kulturlivet og politikken. Og det rammar ikkje berre kvite, relativt privilegerte kvinner i den vestlege verda. Kaja Olsen frå SU snakka om døve kvinner si moglegheit for å varsle – eller mangel på dette. Anine Bråten, initiativtakar til WMB, heldt ein sterk, personleg appell om det siste årets store hendingar relatert til #metoo og Trumps retorikk om m.a. «shithole countries». Espen By Marhaug frå Amnesty tok opp voldtektsstatistikken i Noreg. Irene Kinunda frå Fargespill retta sin appell til kongolesiske kvinner og deira situasjon. Gynekolog Mette Løkeland snakka om situasjonen til Kvinneklinikken i Bergen. Raud Ungdom si eiga Tanya Kaldestad snakka også om #metoo og korleis vi skal få bukt med problemet, førebuing og dette problemet i russetida. Og siste appellant, Synnøve Bendixen som er postdoktor i sosialantropologi, adresserte eit tema det kanskje er lett å gløyme. Dei ulovlege, kvinnelege migrantane som kjem til og oppheld seg i Noreg – og deira heilt manglande rettsvern. Kvelden sin siste post var panelsamtale med utgangspunkt i #metoo og vegen vidare. Eit klårt svar var ikkje lett å semjast om, men ein ting var klårt – både gjennom appellane og samtalen – at kvinnekampen ikkje er over!

Raudt har sjølvsagt tilslutta seg denne markeringa, og har vore representert i arbeidsutvalet med Mailiss Solheim.

Bergen RU. Foto: Trine Lysholm Hagan