Ta underbemanning og slitasje på alvor!

Kven er eigentleg byrådet sin politikk for? Det er heilt legitimt med politisk usemje, men ein må vere ærleg om kven politikken ein fører er til for.

Så i dag vil eg takke byrådsleiar Christine Meyer for å faktisk snakke ærleg. I sitt innlegg i BT førre veke, prøver byrådsleiaren å vise fram kva Høgre-byrådet vil med Bergen, og kva dei har gjort sitt fyrste halvår i posisjon. Her kjem det tydeleg fram at sjukefråvær berre er eit spørsmål om pengar for Meyer og co. Dette kjem i forlenginga av barnehagebyråden si nekting for at det finst ei bemanningskrise. Han meiner det berre er «ein krevjande ressurssituasjon». Så til trass for at barnehagane er på sjukefråværstoppen, har dei no fått marsjordre om å redusere vikarbruken for å spare inn pengar. Forstå det den som kan.

Det kjem varsku frå alle hald om korleis bemanningskrisa tærer på dei tilsette. Mange vil seie at dette er ei varsla krise. Dei fleste veit kva medisinen er: fleire tilsette og mindre belastning. For byrådet ser det imidlertid ut som at sjukefråvær berre handlar om tal i eit budsjett. Dette til trass for at Utdanningsforbundet har gitt klar beskjed om at kutt i vikarbruk vil gå utover tryggleiken i barnehagen, gi større slitasje på dei tilsette og bidra til høgare sjukefråvær (!), i tillegg til dårlegare oppfølging av barna.

Meyer viser til at sjukefråværet kostar kommunen over ein milliard i året, i tillegg til høge vikarutgifter. Ho nemner ikkje kvifor høgt sjukefråvær er eit problem, utanom for kommunebudsjettet si botnlinje. Ho seier ingenting om at høgt sjukefråvær går utover kvaliteten på kommunen sine tenester, og ho seier ingenting om at høgt sjukefråvær er eit problem for dei tilsette og dei tilsette sine arbeidsforhold. Dette handlar altså utelukkande om økonomi for Høgre-byrådet. Tør eg minne om at det same byrådet la fram eit budsjett som budsjetterte med 2% (!) sjukefråvær i dei kommunale barnehagane for 2024? Mindre fotfeste i den røynda kommunen sine tilsette jobbar i, skal du leite lenge etter. Ingen som nokon gong har jobba i ein barnehage, trur at 2% sjukefråvær er realistisk.

Meyer si løysinga på sjukefråværet er «nærværsprosjektet», der ein person reiser rundt på arbeidsplassar i kommunen for å snakke om «nærvær». Byrådsleiaren seier at arbeidet er i full gang, men at resultat vil ta litt tid å sjå. Og ja, der er vi faktisk heilt samde. For dette prosjektet er berre å pynte litt på fasaden. Årsaka til det høge sjukefråværet er underbemanning og slitasje. Det løyser ein ikkje ved å tilsette ein ekstra person i kommunen som skal reise rundt og snakke om «nærvær». Det løyser ein ved å sette av pengar for å tilsette fleire i barnehagen og dei andre kommunale tenestene, og å ta dei tilsette sine arbeidsforhold på alvor.

Mailiss Solheim-Åkerblom, gruppeleiar for Raudt i Bergen bystyre. Foto: Ihne Pedersen

Det er ingen overrasking for oss i Rødt at Høgre-byrådet er meir oppteken av botnlinja enn av dei tilsette sine arbeidsforhold. Men no puttar byrådsleiaren dette altså direkte ned på papiret sjølv. Så eg sender byrådsleiaren ein takk for at ho faktisk viser bergensarane byrådet sitt sanne andlet. Med Høgre i byråd skal dei tilsette framleis springe fortare, få færre kollegaer på jobb, og helsa deira skal bli redusert til eit spørsmål om storleiken på ein budsjettpost. Dette skjer samstundes som Høgre kuttar i eigedomsskatten til dei rikaste i byen, og bevilger seg sjølv millionløn. Høgre sin politikk er altså ein politikk for dei som allereie har makt og pengar. Og den går på bekostning av arbeidsfolk og kommunen sine eigne tilsette.

Det er på tide å ta underbemanning og slitasje i kommunen sine barnehager, skuler og helsetenester på alvor. Det gjer vi ved å sikre nok tilsette på jobb, ei løn å leve av og ein forutsigbar arbeidskvardag. Dagens byråd kryssar ikkje av ein einaste av desse boksane.

Mailiss Solheim-Åkerblom

gruppeleiar Rødt Bergen