Siger: fleire bustader for kvinner i aktiv i rus

Bergen har over tid mangla bustader for kvinner i aktiv rus. På bystyremøtet 29.03.23 sikra Rødt eit overveldande fleirtal for å endre dette. Les kva gruppeleiar Mailiss Solheim-Åkerblom skriv om saka.

Nice girls do drugs

I haust var eg på besøk på Huset i Sverres gate. Eit brukarstyrt hus for rusfeltet. Eit av tema som kom opp, var mangelen på bustader for kvinner i aktiv rus. Det er nemleg ikkje sånn at livet er likt for alle som lever med rus. Kvinner står i ein ekstra sårbar situasjon, og er spesielt utsett for vald og valdtekt. Prislappen for tak over hovudet og ei seng å sove i, blir fort seksuelle tenester. Då blir gata oftare ein tryggare plass å opphalde seg på natta for mange.

Nokre menneske har samfunnet tydelegvis lett for å oversjå. Det er dei av oss som allereie har falt utanfor. Dei av oss som kanskje ikkje har moglegheit til å heve stemma høgt nok til å bli høyrd. Men vi er alle menneske, og vi er alle like mykje verdt. Vi har alle like rettar til å ha ein trygg plass å bu – heilt uavhengig av vårt forhold til rus. Diverre har Bergen kommune i fleire år svikta kvinnene i rusmiljøet.

Eg er djupt bekymra for samfunnet sine haldningar til dei av oss som faller utanfor. For dei av oss som av ulike årsaker har, har hatt, eller kjem til å få, eit rusproblem. Årsakene til at nokon får ei avhengigheit, er mange. Det finst likevel ofte ein fellesnemnar: underforliggande, psykiske lidingar. Gjerne forårsaka av traume i barndom eller ungdom. For mange blir det gjerne slik at velferdsstaten har feila å gi hjelp, ikkje berre no, men over lang tid. Det er på tide å tette desse hola i velferdsstaten sitt sikkerheitsnett, og sikre at ein trygg plass å bu, blir ein ufråvikeleg start for kva vi som samfunn, som kommune, kan sikre våre innbyggarar.

I dag har bystyret handsama eit framlegg frå Rødt om å få på plass fleire midlertidige bustader for kvinner i aktiv rus. Det er svært gledeleg at vi fekk fleirtal for dette, og vedtaket er eit viktig steg i riktig retning. Samstundes må dette berre vere starten.

For nokre veker sidan markerte vi den internasjonale kvinnedagen. Eg blei rørt då eg såg fleire av Huset sine brukarar i toget. Dei var lett å få auge på, med plakatar som sa «Nice girls do drugs». Denne dagen var desse kvinnene ikkje lengre usynlege for byens innbyggjarar. Dei var ein del av fellesskapet, og ein del av den felles kampen vi kjemper for at byen, landet og verda skal bli litt betre for alle kvinner. Samfunnet har i mange år sagt at rusen er det som definerer deg, men no er tida for å skrive om forteljinga. Rusproblem kan ramme alle. Og vi er alle fyrst og fremst menneske, med ynskjer, behov og draumar.

Mailiss Solheim-Åkerblom

Gruppeleiar Rødt Bergen