Saltdeponitomten: Vi vil høre på beboerne

I dag behandlet bystyret innbyggerforslaget om å bygge bybanen som dagløsning gjennom Sandviken. I den forbindelse peker de på en rekke problemer med utbygningsprosessen, særlig bruken av den gamle saltimport-tomten i Sandviken som midlertidig lagringsplass for steinmasser fra utbyggingen. Dette medfører store konsekvenser for bomiljøet i den omkringliggende området. Rødt ser med dyp bekymring på at beboernes krav om et levelig bomiljø ikke blir ivaretatt. Rødt fremmet merknad om saken. Merknaden ble ikke vedtatt. Mailiss Solheim-Åkerblom kommenterer:

Vi vil høyre på bebuarane!

Bergen skal vere ein by for innbyggjarane, ikkje utbyggjarane. Det må gjelde også når kommunen er den som bygger ut. Også når utbygginga handlar om betre infrastruktur og miljøvenleg kollektivsatsing. Er ikkje infrastruktur og kollektivløysingar til sjuande og sist noko som skal ivareta menneska i byen på ein berekraftig måte?

Rødt ser difor med bekymring på planane om å etablere eit deponi på den gamle «saltimport-tomten» i Sandviken. Kommunen planlegg eit midlertidig depot for steinmassar frå utvidinga av Fløyfjellstunnelen. Bybanen til Åsane vil også bidra til deponiet. Omsyn til kostnad og effektivisering ser ut til å vere bakgrunnen for plassering. Saltimporten er tett på eksisterande bustader, og naboane har klaga. Isolert sett verkar føreslaget som ei god løysing. Når vi utvidar horisonten og vurderer fleire omsyn, fremstår planen derimot som ufullstendig.

Prosjektet blir skissert opp til å vare i minst ti år. Dette er mange år med støv- og støyforureining for nabolaget. Vi veit at støy er eit folkehelseproblem. Langvarig eksponering kan føre til alt frå søvnproblem til hjarte- og karsjukdom. Kommunen har føresått avbøtande tiltak. Eit av tiltaka er avgrensing i arbeidstid. Dette gjer likevel lite med kjelda til problemet. Deponi fører til støy, uansett kor kort eller lang arbeidstid ein har. Det er ikkje rart naboane til tomta er bekymra!

Vi forstår sjølvsagt at steinmassane må flyttast til ein plass. Vi forstår derimot lite av at avgjerslene er gjort utan grundige vurderingar av konsekvensar med saltimporten. Kvar er vurderingane om eventuelle andre område kan eigne seg betre? Vi veit heller ikkje kor massane skal ende opp til sist. Dèt er også eit stort problem!

Kanskje finns det ikkje noko plass som er meir eigna. For at det skal kunne aksepterast, må vi faktisk vite at andre områder og løysingar har vore vurdert. Vi må vite at bebuarane sine rettar til eit sunt bumiljø har blitt vektlagt. Slik saka står no, kan vi ikkje sjå at det er tilfelle.

På møtet 23. februar skal bystyret handsame eit innbyggarføreslag. Det handlar om å legge Bybanen i dagen gjennom Sandviken. Ei einstemmig innstilling føreslår å ikkje gå vidare med føreslaget. Aktuelle problemstillingar skall vurderast i den ordinære planprosessen. For å sikre at bebuarane nær saltimporten skal bli høyrd og ivaretatt, har Raudt fremma følgande merknad:

«Bystyret forutsett at problemstillingane knytt til Saltimporten blir følgd opp, og at byrådet legg fram ein plan for avbøtande tiltak når endeleg reguleringsplan for bybanen sentrum-Åsane skal handsamast våren 2023.»

I utval for miljø- og byutvikling fekk merknaden berre stemmene til R, SP og H. Når saka no kjem til handsaming i bystyret vonar vi at fleire parti kjem med. Fordi bebuarane i Sandviken fortener å bli høyrd!

Mailiss Solheim-Åkerblom
Gruppeleiar Rødt Bergen