Pandemic, av leder i Rødt Bergen Mailiss Solheim

Eg har ofte lurt på korleis eg ville ha reagert i ein krisesituasjon.

Problemet er at eg er såpass privilegert at livet så langt alltid har inkludert tak over hovudet, mat på bordet og ein rimeleg fin familie. Eg har aldri budd i ei krigssone og eg har aldri opplevd hungersnaud på kroppen. Så tankane mine om korleis eg ville ha gått fram om krisa slo ned i nabolaget mitt, har nok vore litt meir prega av Mad Max og ei og anna zombieapokalypse. Ganske fjernt frå røynda, og handlar meir om kor raskt ein kan springe eller kor godt ein kan gøyme seg. Lite visste altså eg, alle dei gongane den lite informerte redsla for krise slo ned i meg, at det var spelet Pandemic som skulle gi meg dei beste verktya for å handsame den unntakstilstanden vi no står ovanfor.

Pandemic er eit brettspel der ein ganske utradisjonelt speler på lag. Ein får tildelt ulike roller med ulike eigenskapar og saman skal ein redde verda frå (riktig nok) fire farlege sjukdommar som raskt spreier seg verda rundt. Ein spelar har lettare for å finne kur for sjukdommane. Ein spelar er flink til å dele kunnskap. Alle speler altså på lag, med opne kort og diskuterer kvart steg og lager ein felles strategi for å finne kurane før korta og brikkene er brukt opp – for då har ein tapt. Samstundes må ein reise rundt for å stogge utbrot før dei blir for store og får kjedereaksjonar til byer og land rundt seg.

Det er riktig nok mange fleire ting enn det reint helsemessige vi må få kontroll på med dagens koronakrise. Økonomien står for fritt fall, menneske mister jobben og mange må sjonglere heimekontor med å vere reservelærar og klassekamerat for borna sine. Det er likevel nokre gode peikepinnar i eit av mine favorittspel, til korleis vi skal kome oss gjennom denne krisa på best og mest rettferdig måte. Og det er samarbeid. Og å spele med opne kort. Ei regjering som vil ha fullmakt til å ta kriseavgjersler utan stortinget si velsigning og store, rike selskap som ikkje blir nekta å ta ut utbytte om dei får krisepengar frå fellesskapet, er det stikk motsette av samarbeid og opne kort.

Eg er stort sett rimeleg politisk korrekt og har ikkje for vane å spøke om seriøse ting. Men kanskje det er på tide å seie til både oss i heimekarantene og til styresmaktene: Keep calm and play Pandemic.

Foto: Erica Restoften.

Petiten stod på trykk i Klassekampen 25. mars 2020.