Fråsegn frå årsmøte 2021: Nei til atomubåtar i norske hamner!

Haakonsvern er ein av Nord-Europas største maritime militærbasar. Eit stigende tal atomubåtar kjem kvart år. Basen skal nå rustas opp for 350 millionar kroner, m.a. med nye «ubåtfasilitetar».

Hemmeleghaldet rundt tillaupa av atomubåtar gjer at befolkninga i stor grad er uvitande om farane desse representerar. Raudt Bergen Vest er uroa over utviklinga, og i mot den nye ubåtkaia.

Raudt er også mot atomubåtar i norske hamner i det heile.

Statens strålevern har allereie sagt i frå om at fleire tillaup gjev auka risiko for alvorlege ulykker som grunnstøyting, kollisjon, lekkasje, brann eller alvorleg reaktorhavari (Strålevernrapport 2018 : 10).

Eksperter i m.a. kjernefysikk og ubåtkunnskap uavhengig av kvarandre seier at dei allierte atomubåtane som kjem til Haakonsvern «med stor sannsynlighet» har atomvåpen ombord.

Basepolitikken i Noreg er heimla i «Bratteli-doktrinen» frå 1975, men myndigheitene har aldri teke føre seg inspeksjon av allierte fartøy for å få stadfesta om reservasjonen mot atomvåpen vert respektert.

Ei atomulykke der t.d. ein missilane går i lufta ved Haakonsvern i ein ubåt eller ved lasting, får straks konsekvensar for Bergen og kringliggande stader. Radioaktive konsekvensar! Det er INGEN som kan garantera noko som helst, INGEN! Det er mennesker som lagar dette og det er mennesker som driv desse farkostane.

I 2019 vedtok bystyret at Bergen Kommune skulle signera byoppropet til ICAN – Den
internasjonale kampanjen for avskaffelse av atomvåpen. Slik viste Bergen si støtte til FNs forbod mot atomvåpen. Allereie i 2013 vedtok bystyret einstemmig å slutte seg til «Mayors for Peace», eit verdsomspennande nettverk av byar med føremål om eit internasjonalt forbod mot atomvåpen. At Haakonsvern er hamn for atomubåtar, som mest sannsynleg har atomvåpen om bord, er i strid med lokalpolitiske vedtak.

Raudt Bergen krever difor at Haakonsvern vert stengt for tillaup av atomubåtar!

Raudt seier også nei til alle atomubåtar i alle norske hamner!