Når bustad blir ei forskjellsmaskin
I ei uroleg verd er det viktigare enn på lenge å stå samla om kampen for likestilling og rettferd. Årets kvinnedag er her, og vi er klare til både feiring og kamp.
Bustad har blitt ei av dei største forskjellsmaskinane. Der våre naboland har relativt stor del kommunale bustader, har vi i Noreg overlatt alt til marknaden. Ein marknad som for lengst har løpt løpsk, med privat profitt som einaste mål. Når det ikkje blir bygga nok kommunale bustader, og når bustadprisane er på utbyggjarane si side, er det vi kvinner som kjem dårlegast ut.
Når vi veit at kvinner i aktiv rus er ei ekstra sårbar og utsett gruppe, er det skremmande at Bergen er på landstoppen når det gjeld bustadslause. Vi veit at kvinner på flukt er meir sårbare, og at ein trygg stad å bu er avgjerande for å skape seg eit godt liv. Likevel bygger Bergen for få kommunale bustader, og byrådet går til frontalangrep på “opne rus-scener” og vil ta i mot færre flyktningar.
Også på den ordinære bustadmarknaden er vi kvinner taparane. Fleire kvinner enn menn har høgare utdanning, jamvel taper vi på arbeidsmarknaden. Vi tener berre 89 prosent av det menn gjer. Ser vi på bruttoinntekt, tener vi berre 69 prosent av menn, mellom anna fordi fleire kvinner jobbar deltid - ofte ufrivillig. Kvinnedominerte yrke har lågare status og blir løna mykje lågare enn «typiske mannsyrke» med like lang utdanning. Når vi kvinner er lønstaparane, blir vi også taparane på såvel bustadmarknaden og leiemarknaden.
I Bergen har ein sjukepleiar berre råd til å kjøpe 30 av 100 bustader. Mange har med rette peika på at sjukepleiarindeksen ikkje er representativ nok, og LO har lansert sin eigen “Fagarbeiderindeks”. Denne indeksen tar utgangspunkt i snittløna til ein arbeidar utan høgare utdanning, dvs. 458 000 kr. Dei av oss som er i denne gruppa har berre råd til å kjøpe 1 av 100 bustader i Bergen. Kanskje er talet enno lågare, sidan BT 5.mars melde at bustadprisane i Bergen steig med 2% i februar. Alarmklokkene burde ha begynt å ringe for lenge sidan!
Skrekkeksempla er også mange frå leiemarknaden. Dei av oss som leiger bustad, er prisgitt ein seriøst utleigar. Diverre høyrer vi stadig om korleis leitakarar må slåst mot dårleg standard og leigeprisar som skyt i været.
Det Bergen treng er bustader som folk faktisk har råd til å bu i. Skal vi sikre ein by der alle kan leve gode liv, må alle ha moglegheit til å bu trygt og godt. I dag trekk privat profitt det lengste strået - no er det på overtid å ta attende kontrollen over bustadsektoren. Det vil redusere ulikskapen, og det vil bidra til meir likestilling.
No er årets kvinnedag her. Vi skal både feire seire og stå saman i dei kampane som står att. Bli gjerne med å gå bak ei av Rødt sine paroler - for applaus betaler ikkje løningane. For eit meir likestilt samfunn treng vi både likeløn og bustader folk flest har råd til å bu i.
Mailiss Solheim-Åkerblom, gruppeleiar Rødt Bergen
PS: Bli gjerne med å markere årets kvinnedag sammen med oss i Rødt Bergen. Vi inviterer tradisjonen tro til 8.mars-vafler på partikontoret i Hans Tanks gate 17.