Leserinnlegg: Cruiseskip, bryggen og forvaltning av verdensarven
På gårsdagens bystyremøte vedtok bystyret Forvaltningsplan for Verdensarvstedet Bryggen: 2021-2025. I den forbindelse hadde vi en merknad om at kommunen skal redegjøre for hvordan cruiseturismen passer inn i en bærekraftig forvaltningsplan. Merknaden ble nedstemt. Mailiss har leserinnlegg i BA om saken:
Etter to år med pandemi og eit sultefora reiseliv, ser det ut som 2022 gir lysare tider for alle som har turisme som inntektskjelde. Men vil vi verkeleg attende til nett slik det var før verda stengde ned? Vi har høyrd på alle dei som forklarte korleis pandemien kunne bli startskotet for klimarevolusjon. Det blei med orda. Men verdas overforbruk og utsleppsmengda fiksar seg framleis ikkje sjølv. Cruisenæringa har lenge vore blinka ut som ein versting i denne samanhengen.
Misforstå ikkje, Rødt er glade for kunne å lese om landstraum i BA 18.02. No kan cruiseskip som ligg til kai i Bergen forureine mindre og kutte sine utslepp. Det gir betre luftkvalitet og er bra for klima. Dette har vore eit viktig krav for Rødt lenge. Neste steg er å sikre at alle skip som ligg til kai kan nytte landstraum, og stille krav til nuttutslepp frå skipa innan få år.
Sjølv om vi når desse måla, meiner Rødt at cruiseturismen ikkje skal kome attende til slik den var før korona. Bransjen er kjend for å utnytte internasjonalt farvatn for å unngå skattar og lover. Det er stort sett berre dei rikaste av oss som har ressursar til å nytte denne form for turisme. Samstundes veit vi at cruiseturistar legg att lite pengar i byane dei besøker.
I dag har Bergen eit tak på 8000 cruiseturistar og tre anløp pr. dag. Verdsarvstaden Bryggen er ein sentral og hyppig besøkt destinasjon for desse turistane. På komande møte skal bystyret handsame forvaltningsplan for Bryggen. Planen trekker fram at det i sommarhalvåret er masseturisme og stort besøkspress, som både gir «lite oppbyggeleg opplevelse av verdensarven», men også bidrar til stor slitasje og aukar risiko for brann.
I 2020 leverte dåverande gruppeleiar for Rødt, Sofie Marhaug, eit føreslag om at cruiseskip må ligge til kai i minst tre døger. Svaret frå byråden var at dette ikkje var mogleg innanfor gjeldande reglar, men at «Tiltakene for å redusere antall cruiseskip skal evalueres av byrådet i løpet av det kommende året.» Bystyret vedtok i same sak at spørsmålet om minstekrav til liggetid skulle vere ein del av vurderingane byrådet jobba med. Saka er varsla til bystyret denne våren. Rødt venter spent på kva som blir presentert som moglege tiltak for å redusere miljøpåverknad og slitasje på kulturhistoria vår.
Forvaltningsplanen bystyret no skal handsame, set ingen spørjeteikn til korleis cruiseturismen på Bryggen kan bli berekraftig med den dimensjonen og skalaen vi i dag tillèt. Den seier heller ingenting om dette i det heile er mogleg. Desse spørsmåla saknar Rødt svar på. Vi tar difor til orde for at planen skal vise korleis cruiseturisme og bevaring av verdsarven kan henge saman. Vi vonar fleire parti ser dei same bekymringane som oss, og stemmer for merknaden. Bryggen er Bergen sitt andlet utad. Vi har ikkje råd til å misse det!
Mailiss Solheim-Åkerblom
Gruppeleiar Rødt Bergen