Konvensjon mot atomvåpen og Noreg ut av NATO
Raudt Bergen sør/vest krev at den norske regjeringa sluttar seg til FN-resolusjonen om ein internasjonal konvensjon mot atomvåpen, og at Noreg melder seg ut av NATO.
Atomvåpenproblematikken og NATO er som eit par, tett knytt til kvarandre i avskrekkingsterror, trugsmål i førstegangsbruk, og milliardbeløp i vedlikehald og fornying av atomvåpna. Dette gjer også at motpartane Russland og Kina opprettheld og rustar opp sine arsenal. I tillegg er India og Pakistan med sine atomvåpen ein farleg miks som kan smelle av under potensielle eskaleringar.
Noregs medverknad til å auka faren for storkrig i Europa, i kjølvatnet av Ukrainakonflikta, er også med i dette biletet. Også Nord-Korea sitt atomvåpenpotensiale må det forhandlast om gjennom FN, og ikkje truge dei med militærøvingar og økonomiske strupetak. Det er då det kan gå riktig gale! Alt dette understrekar kvifor det er så viktig at den norske regjeringa sluttar seg til FN-resolusjonen om ein internasjonal konvensjon mot atomvåpen.
For Noregs del tyder det at inntil vi melder oss ut av NATO, må Noreg arbeide for at NATO endrar sin atomdoktrine og avstår frå førstebruk av atomvåpen og frå at NATO sin atomvåpengaranti skal gjelde for Noreg. Noreg må og arbeide for at USA sine atomvåpen ikkje skal vera stasjonert i Europa, heller ikkje i samband med rakettskjoldprosjektet eller dei krigsfremjande tiltaka NATO har iverksett, m.a. i Ukraina.
Den internasjonale kampanjen for forbod mot atomvåpen (ICAN) fekk Nobels fredspris i 2017. I staden for meir krigshissing må den norske regjeringa skrive under på denne kampanjen. Internasjonal konvensjon mot bruk av og forbod mot atomvåpen, NO!
Noreg er heilt knytt opp til USA. Dette ser ein tydeleg ved val av F-35 kampfly som ei rekke våpenanalytikarar meiner er dårleg tilpassa forsvaret av Noreg.
I månadsskiftet oktober-november 2018 arrangerer NATO ei stor militærøving i Midt-Noreg. Truleg med så mange som 35 000 soldatar, tusenvis av køyrety og 150 fly og 70 skip. Denne gigantøvinga kalla Trident Juncture 18 vert den største øvinga i Midt-Noreg på minst 15-20 år. Ein mindre del av øvinga skal gå føre seg i Sverige, Finland, på Island, og i Austersjøen. Noreg er altså vertsnasjon.
Militariseringa av Skandinavia og Norden er i full gong og dermed spenningsdrivande!
Det er NATO-tilhengarar i alle parti, unteke partiet Raudt. Eit freds- og mot-NATO-parti som Raudt trengs verkeleg på Stortinget! Noreg ut av NATO!
Vedtatt av Rødt Bergen sitt årsmøte 22. februar 2018.